Fryktar keeperkrise i Noreg: – Har vore for dårleg i lang tid

ULLEVÅL (NRK): Før tirsdagens EM-kvalifiseringskamp mot Wales vedgår landslagssjef Martin Sjögren at han er bekymra for målvaktssituasjonen i Noreg på sikt.

Trening med Norges kvinnelandslag i fotball

MÅLVAKT: Førstemålvakt Cecilie Fiskerstrand slit med å få speletid i sin nye klubb Brighton.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg skal vere heilt ærleg og seie at det er ikkje sånn at det kjem veldig mange målvakter og bankar på. Det er ein liten brist på utvalet av målvakter om man også tittar nedover på dei yngre landslaga, seier landslagssjefen til NRK.

Ingrid Hjelmseth (40) gav seg på landslaget i fjor, etter å ha vore ein bauta mellom dei norske stengene i 16 år.

Landskamp fotball kvinner: Norge-England (2-1).

KRITISK: Tidlegare landslagsmålvakt Ingrid Hjelmseth meiner norske klubbar ikkje gjer nok for å utvikle målvaktene sine.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Ingrid-perioden er jo over no, så no må neste keeper tre fram, er meldinga frå Sjögren.

Hjelmseth sjølv delar bekymringa til landslagssjefen, og meiner norske klubbar ikkje tek keeper-rolla på alvor.

– Dette med keepertrening har vore for dårleg i lang tid. På eit tidspunkt seier det stopp. Det er avgrensa kor lenge ein kan leve på talent, seier 40-åringen med i alt 138 kampar for det norske landslaget.

Har spelt lite

Tirsdag kveld møter Noreg Wales i EM-kvalifiseringa. Då er det etter alt å døme Cecilie Fiskerstrand som står i mål.

  • 18.00: Sjå Noreg - Wales på NRK1 eller NRK.no

Ho er eit klart førsteval for Noreg, men Fiskerstrand har slitt benken etter at ho meldte overgang til Brigthon før sesongen. Ho har berre spelt ein kamp.

– Det er jo utfordrande. Først og fremst for Cecilie, men det blir utfordrande for oss også. Det er jo viktig at vore spelarar får speletid i klubbane dei er i. Cecilie får byrje å spele igjen, og skjer det ikkje i den klubben som ho er no, då må jo Cecilie sjå på ei løysning, trur eg, seier landslagssjefen til NRK.

hjelmseth

Cecilie Fiskerstrand tok over målvaktsplassen på landslaget då Hjelmseth la opp.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Skulle ønske nivået var høgare

Målvaktene Oda Bogstad (Sandviken) og Aurora Mikalsen (Tottenham) er skada og melde fråfall til denne landslagssamlinga. Derfor er Ida Nordstrøm (LSK) og Guro Pettersen (Piteå) henta inn, men NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg seier at nivået bak Fiskerstrand er ein av Norges svakheiter.

– Eg skulle gjerne sett at nivået på keeperne i Noreg var enda høgare, og at det var fleire som utfordra Fiskerstrand om plassen på landslaget, seier han.

Derfor er han også betenkt når det gjeld klubbsituasjonen til landslagsmålvakta.

– Det er viktig for ein keeper å få matchtrening kvar einaste veke. Går ho glipp av det, så vil det gå utover utviklinga til Fiskerstrand. I tillegg så blir ho valt som nummer to kvar einaste veke og det kan vere tøft for sjølvtilliten. Det kan påverke prestasjonane hennar på landslaget, seier Skjønsberg.

Felles for alle målvaktene som er i landslagsdiskusjonen er at dei er i midten av 20-åra. Og der ligg hovudproblemet, slik Sjögren ser det, nemleg mangelen på yngre, lovande målvakter.

– Skal vi no sjå inn i framtida, så treng vi å gjere ein jobb med og skape føresetnader for få fram enda fleire målvakter, seier han.

Trening med Norges kvinnelandslag i fotball

BEKYMRA: Landslagssjef Martin Sjögren er bekymra for rekrutteringa av målvakter i Norge.

Foto: Berit Roald / NTB

Hjelmseth seier at alle klubbar bør ha eigen keepertrenar for at målvaktene skal kunne utvikle seg. Ifølgje henne blir ikkje det prioritert i klubbane.

– Mange mistar motivasjon til å halde på når dei ikkje får ta nye steg og utvikle seg, men berre blir brukt som skyteskive på trening. Ser ein på herresida så er det keepertrenarar heilt ned i 11-års alderen, medan på kvinnesida er det knapt keepertrenarar på toppserienivå.

Ikkje bekymra

Fiskerstrand kom til Brighton i januar, men etter landslagssamlinga i februar drog ho aldri tilbake grunna korona-situasjonen. Det er først i sommar ho har starta att med trening med sin nye klubb.

Morten Skjønsberg, NRKs fotballekspert

KAMPTRENING: NRK-ekspert Morten Morisbak Skjønsberg seier det vil gå ut over utviklinga til Fiskerstrand om ho ikkje får meir speletid i klubben.

Foto: NRK

– Mangel på kamptrening i 2020 er det jo mange som har. Så er det to seriekampar eg ikkje har spelt. Så eg føler på ein måte ikkje at det er noko krise. Om eg ikkje har spelt nokon kampar når vi møtat igjen i november, då er det ein litt annan situasjon, seier Fiskerstrand.

Ho er likevel ikkje redd for at landslagsplassen kan ryke, og får støtte av landslagssjefen.

– Akkurat no er det vel ikkje noko som bekymrar meg veldig mykje, men det kan bli eit problem framover, seier Sjögren.

Siste nytt

  • O'Connor slo tilbake

    Ben O'Connor vann den 17. etappen av Giro d'Italia i dag og slo dermed tilbake etter gårsdagens andreplass.

    Sigeren er hans første i ein Grand Tour. I går tok han igjen Jan Tratnik like før mål, men vart likevel slått med sju sekund av slovenaren.

    NTT-ryttaren var 31 sekund føre austerrikaren Hermann Pernsteiner i mål. Thomas De Gendt spurtslo Ilnur Zakarin om tredjeplassen.

    Giro d'Italia
    Foto: Luca Bettini / AFP
  • Lampaert vant Brügge - De Panne

    Hjemmehåpet Yves Lampaert kom alene til mål og vant sykkelrittet Brugge-De Panne.

    Da onsdagens endagersritt beveget seg inn i avslutningen satt 13 ryttere i frontgruppen med vinnerkandidater. Én av dem var Sven Erik Bystrøm.

    Med rundt ti kilometer til mål måtte imidlertid rogalendingen se åtte av bruddkameratene forsvinne foran seg. Noen kilometer deretter angrep så Lampaert og fikk en luke han ikke ga fra seg igjen.

    Lampaert
    Foto: Luc Claessen / AFP
  • U19-EM er avlyst

    UEFA avgjorde i går at U19-EM i fotball 2020 er endeleg avlyst, etter fleire utsetjingar.

    EM skulle gått i Belfast, opprinneleg i juli, så i november, så i mars neste år.

    Ei av årsakene er at den siste runden i kvalifiseringa heller ikkje er avvikla. Der skulle Norge ha møtt Italia, Island og Slovenia.

    I EM i Finland i 2018 blei Norge nummer fem.

    Norge - Finland, U19-EM i Finland i 2018
    Foto: Juha Harju / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal