– Det er min beste 500 m nokon gong, trur eg, seier Ida Njåtun til NRK etter tredjeplassen og 39,35.
Det heldt til pallplass for første gong sidan 2000 på denne distansen i allround-VM for kvinner.
– Dette var gøy for Ida. Vi har trent godt og løfta oss kraftig etter distanse-VM i Korea, seier trenar Edel Therese Høiseth.
Det var ho som stod på pallen den gongen for 17 år sidan.
– Men dette er berre første distanse. No må ho også gå ein god 3000, seier Høiseth.
Video: Ida Njåtuns vanskelege innspurt på 3000 m
– Ikkje noko rått løp
Det gjorde ho. Allereie i tredje par klokka Njåtun inn på 4.09,99. Det var ho også godt nøgd med.
– Eg gjekk runde på runde, og tenkte at no møter eg veggen. Det gjorde eg ikkje. Mot slutten tenkte eg at dette går bra. Då small, sa Njåtun.
– Det var ikkje noko rått løp, men heilt greit. Eg har hatt ein trøblete sesong, så dette er eg ikkje misnøgd med, sa Njåtun.
Tida på 3000 heldt berre til 13.-plass. Det betyr at ho er utanfor dei som automatisk er kvalifisert til 5000 m i morgon. Med sin sjetteplass samanlagt er ho, likevel innanfor.
Risikerer å miste 5000 m
Men ho kan ikkje falle lenger ned enn til sjuandeplass etter 1500-meteren. Då får ho ikkje gå den siste distansen.
1500-metereen er tradisjonelt Njåtuns beste distanse.
– Det eg har gjort i dag, trur eg lovar godt før 1500, sa ho.
Japansk overrasking
Small gjorde det også for favoritt Ireen Wüst på 3000. Ho låg klart framfor hovudrival Martina Sablikova, men sprakk så det dundra på dei siste to-tre rundane.
Det betyr ar japanske Miho Tagaki leier samanlagt etter første dag. Ho vann klart 500 m og leverte ein svært sterk 3000 på 4.06,52 som gav sjetteplass.
Tagaki har dermed vist medaljefavorittane Wüst, Sablikova og Antoinette de Jong til plassane lenger bak.