– Det er nesten så ein skjemmest ute der. Det er på grensa til flautt når ein glir forbi den eine utlendingen etter den andre. Det er nesten så ein får lyst til å seie sorry, sa Johannes Dale-Skjevdal til NRK etter sesongopninga i skiskyting på Sjusjøen i november.
Førre veke var det sesongopning i langrenn på Beitostølen.
– Fluor er jo med og jamnar ut forskjellar på ski, så det kan nok stemme at det kan bli meir forskjellar på ski, seier Erik Husby til NRK.
Han er arrangementsansvarleg for langrenn i Skiforbundet og landets første FIS-lisensierte fluortestar.
På søndag vart det gitt startnekt nettopp på grunn av at ein test gav utslag for fluor:
Vil ha endringar
Meir enn juks, fryktar han altså store utslag på ski. Men kanskje endå meir når norske utøvarar skal møte resten av verda i Ruka til helga.
– Vi i Skiforbundet har teke veldig førarsetet på dette, og saman med skiskyttarforbundet og Olympiatoppen hatt fokus på det i lang tid. Og eg veit ikkje om andre nasjonar har vore der, seier han.
Før årets vintersesong har fluorforbodet innteke vintersportsverda. Vi har fått vere med på bakrommet når skia skal fluortestast.
Noreg har frå før ein suveren posisjon på skismørjing. Husby meiner derfor det er på tide å setje i verk tiltak for at ikkje Noreg og andre ressurssterke skinasjonar blir for dominerande.
Han har to heilt konkrete forslag. Det eine går ut på felles smørjing for alle.
– Det er absolutt meir berekraftig. No har vi testa felles smørjeopplegg i verdscup i vinter og vi har hatt felles smørjeopplegg på hovudlandsrenn i Noreg, og det fungerer, det, fastslår han.
Færre par ski
Det andre forslaget går ut på å avgrense talet på skipar ein løpar kan bruke i løpet av ein sesong.
– Viss ein skulle byrja nasjonalt på juniornoregscup, så kanskje byrje med fire par, to par til skøyting og to til klassisk. Det kan vere ein start. Då vil vi jamne ut litt forskjellar, og samtidig halde kostnadene litt nede, seier han.
Ikkje overraskande får forslaga blanda mottaking.
– Det må vi i alle fall ta litt fleire diskusjonar på, seier Tord Hegdahl, som er smørjesjef for det norske landslaget.
Han påpeikar ei openberr utfordring med å velje berre nokre få ski for heile sesongen.
– Viss du har gjort ein feil tidleg på sesongen, så er du jo då sjanselaus, seier han.
POSITIV: Erland Kvisle vil ha tiltak som reduserer utstyrsforskjellane i langrenn.
Foto: Morten Stenberg / NRKFår støtte
Erland Kvisle i det private laget Team Norconsult er derimot svært positiv til nye reglar.
– Ja, eg er veldig for ei sånn løysing der alle til dømes hadde gått på same produkt. Då har ein nulla ut ein faktor. Men ein har framleis mange faktorar som avgjer om ei ski blir bra, til dømes strukturar og manuelle riller, men då har ein teke bort ein av dei mest kostbare og kanskje unødvendige tinga ein gjer med skia for å få dei til å gli bra, seier han til NRK.
Kvisle fekk med seg utslaga på Sjusjøen.
– Eg liker ikkje det at det er så store forskjellar. Eg synest det kulaste er viss ein kunne gått på likast mogleg utstyr. Då er det den beste som vinn til slutt, så eg håpar ein kjem ein stad der ein har jamnare ski. Eg er for at konkurransen skal vere ute i løypa, og ikkje i smørjebua, seier han.
Det er nettopp det Erik Husby ønsker.
– Eg er veldig fan personleg av å innføre ting som gjer at det jamnar ut forskjellar, så på sikt trur eg vi må sjå den vegen nasjonalt, men eg håpar at FIS og i verdscup òg gjer tiltak etter kvart, for det er viktig, fastslår eksperten på fluortesting.