NRK Meny
Normal

Froome med dobbel dose astmamedisin – kan miste Vuelta-sigeren

Den britiske syklisten Chris Froome har gitt frå seg prøve som viser for store mengder salbutamol. Froome hevdar han berre følgde legens råd.

Chris Froome

KAN MISTE SIGEREN: Chris Froome hadde dobbelt så mykje salbutamol som det som er lovleg, og kan miste sigeren i Vuelta a Espana

Foto: Susana Vera / Reuters

Froome vann både Tour de France og Vuelta a Espana i år. Det var 7. september, etter tredje etappe av Vueltaen, at han avgav den positive prøva. Både A- og B-prøva var positive, stadfester det internasjonale sykkelforbundet (UCI). Resultatet blei kjent for Froome sjølv, hans lag og UCI to veker seinare.

– Det er velkjent at eg har astma, og eg kjenner godt til reglane. Eg inhalerer medisinen for å handtere sjukdomen, men passar alltid på å halde meg innanfor reglane, fordi eg veit eg blir testa, seier Froome i ei pressemelding.

– Astmaen blei verre under Vueltaen, så eg følgde legens råd om å auke dosen, legg han til.

2000 nanogram

Både advokatar og analyseekspertar jobbar hardt for Froome for å verifisere prøveresultatet, og det er derfor det har tatt så lang tid før resultatet er offentleg, skriv avisa.

Dave Brailsford

LIT PÅ FROOME: Sky-leiar Dave Brailsford har tillit til at Froome følgde råda han hadde fått

Foto: Christophe Ena / AP

Froomes lag Team Sky skriv i ei pressemelding at Froome sidan barndomen har vore plaga av astma, og at han har brukt medisin lenge. Dei stadfestar at han hadde 2000 nanogram i prøven i september.

– Han fekk akutte astmasymptom under Vueltaen. Etter råd frå vår lege auka han dosen, men innanfor dei tillatne mengdene.

– Froome blei testa i alt 21 gonger. 20 av gongane viste prøvene salbutamol-innhald innafor lovlege verdiar.

Team Sky-sjefen stoler på Froome.

– Eg har full tilit til at Froome følgde dei medisinske retningslinjene for å takle sine astmaproblem, seier Sky-sjef Dave Brailsford.

– Klønete

Ole Kristian Stoltenberg

- RIPE I LAKKEN: Kommentator Ole Kristian Stoltenberg er overraska over at ikkje Sky-laget handterte Froome-medisineringa betre

Foto: Elin Fossum / NRK

NRKs sykkelkommentator Ole Kristian Stoltenberg er overraska.

– Dette er astmamedisn der han har gått litt for hardt på dosene. Det er brot på dopingreglementet, og det overraskar meg. Team Sky er største sykkellaget i verda med budsjett, legar og trenarar i mengder. At dei ikkje greier å halde orden på det, er klønete.

Han trur ikkje den positive prøva er avgjerande for Froomes karriere.

– Det er ikkje anna enn ein litt for stor dose astmamedisin som i utgangspunktet er lovleg. Men det er ei solid ripe i lakken for Froome.

Stoltenberg trur det går mot ei utestenging.

– Kanskje nokre månader, slik som med Martin Johnsrud Sundby. Det kan bety nokre ritt på vårparten, men han er nok raskt tilbake.

Samme virkestoff som Sundby

Salbutamol er verkestoffet som finst i astmamedinen Ventolin.

Dopingreglementet tillèt opptil 1000 nanogram per milliliter urin. Men Froome skal ha hatt dobbelt så store mengder i sin prøve.

Stoffet er det same som felte Martin Johnsrud Sundby. Hans prøver i sesongen 2014/15 blei målt til 1340 og 1360 nanogram per milliliter urin. Han blei dømd fordi skiforbundet ikkje søkte om fritak frå grensa på 1000 nanogram.

Dersom prøveresultatet står seg, kan Froome miste sigeren i Vuelta a a Espana. Han kan også miste bronsen han tok i temporittet i VM i Bergen.

Froome kan også bli utestengd frå mellom anna Giro d'Italia og Tour de France neste år, to ritt han har sagt han vil prøve å vinne. Han har vunne Tour de France fire gonger, seinast i sommar.

Siste nytt

  • Lindelöf må stå over for Sverige

    Victor Nilsson Lindelöf er blitt sjuk og kan derfor ikkje spele Sverige si VM-opning mot Sør-Korea. Det melder Expressen. Pontus Jansson tek Manchester United-spelaren sin plass i midtforsvaret.

    Victor Nilsson Lindelöf før landskampen mot Norge i juni.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Brækhus boksar i Moskva

    Cecilie Brækhus (36) skal for første gong bokse i Aust-Europa. Det skjer 21. juli når ho boksar siste oppvarmingskamp før Oleksandr Usyk og Murat Gassiev skal gjere opp om VM-beltet, melder VG. Brækhus sin motstandsar blir Inna Sagajdakovskaja.

    Brækhus bokser i Los Angeles.
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Salah klar til dyst mot Russland

    Mohamed Salah er endelig klar for VM-debut når Egypt går for seier mot høytflygende russere i St. Petersburg tirsdag. – Han spiller kampen etter å ha deltatt i to treningsøkter, sier en talsmann for Egypt-troppen, ifølge nyhetsbyrået DPA.

    TOPSHOT-FBL-WC-2018-MATCH2-EGY-URU
    Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
Sport i dag
FIFA Fotball-VM 2018: Belgia - Panama
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Tunisia - England
FIFA Fotball-VM 2018: Tunisia - England
Best i verden: Tidenes fotball-VM