Nordmannen låg rettnok eitt over par halvvegs, etter to bogeyar og ein birdie. Men avslutninga var sterk, med fem birdirar, derav tre på rad.
- Dette gjorde godt for Henrik. Han har slite litt i dei siste turneringane, så dette gjorde godt, seier sportssjef i golfforbundet, Jan Erik Aalbu, til NRK.
I turneringane der Bjørnstad har gjort det bra tidlegare i år, har han hatt gode førsterundar.
- Det er viktig med ei god opning, og det har han fått no. Det blir spennande å følgje han i dei neste rundane, seier Aalbu.
Fire mann leier med sju under par.
16 år gamle Michelle Wie håpa å bli den første kvinna sidan 1945 som klarer kutten i ei PGA-turnering. Men med seks slag over par etter første runde, er den sjansen borte.
Første runde vart ikkje heilt ferdigspela, fordi han måtte avbrytast på grunn av mørkret. Runden blir avslutta i dag, før andre runde startar.