I januar blei det kjent at våre to største langdistansehåp, Karoline Bjerkeli Grøvdal og Sindre Buraas, var nødt til å avslutte samarbeidet med trenar Frank Evertsen.
Nå kjem det fram kvifor friidrettsforbundet ikkje kunne akseptere å ha Evertsen som trenar for to profilerte utøvarar.
Nektar straffskuld
– Han er tiltalt for falsk forklaring ovanfor offentleg mydigheit og dokumentfalsk for å få ut legelisens, seier politiadvokat Ragnvald Brekke.
I tiltalen står det at Evertsen skal ha påstått å ha legeutdanning og praksis frå Litauen. Dokumenta frå Litauen, som Evertsen la fram for Statens Autorisasjonskontor for helsepersonel (SAK), skal ifølgje tiltalen ha vore forfalska.
«I perioden fra september 2009 til og med april 2013, i forbindelse med søknad om legeautorisasjon til (SAK) og i senere korrespondanse, avga han bevisst uriktige opplysninger om at han var utdannet lege ved Vilnius Universitet, og at han hadde arbeidet som lege i fem år», heiter det i tiltalen.
NRK har ikkje lukkast å kome i direkte kontakt med Evertsen. Han uttalar seg via advokat Thomas Berge.
– Evertsen har gjort det klart ovanfor politiet at han ikkje erkjenner straffeskuld, seier Berge.
– Alvorleg
Politiet meiner dette er ei alvorleg sak.
– Det er alvorleg dels fordi ein gjev falsk forklaring, men også fordi ein da kan gje ut legemiddel og behandle folk utan å vere lege. Det er jo ein risiko for både pasientar og idrettsfolk som ligg under hans behandling, seier Brekke.
Ifølgje politiet har Evertsen skrive ut legemidlar til utøvarar. Dette er derimot ikkje ein del av sjølve tiltalen. Det reagerer hans advokat på.
– Evertsen avviser dette fullstendig. Det er både overraskande og ugreitt dersom det stemmer at politiet gjennom media argumenter for noko heilt anna enn det dei har tiltalt han for, seier Berge.
– Skremmande å høyre
Friidrettspresident Tore Hordnes fortel at dei fyrste gong fekk vite om saka hausten 2013.
– Etter at me ikkje fekk dei opplysningane me spurde om frå trenaren, ba me klubben og utøvarane avslutte samarbeidet. Me kom til eit punkt der me ikkje kunne la utøvarane halde fram med denne trenaren. Det er heilt klart at me ikkje kan ha trenarar som oppfører seg slik.
Han er ikkje kjent med at Evertsen kan ha skrive ut legemidlar til idrettsutøvarar.
– For det fyrste er det litt skremmande å høyre, men det er heilt ukjent for oss. Dette må me fylgje og ta opp med utøvarane, seier Hordnes.
Frank Evertsen har i fleire år vore ein kontroversiell trenar. I 2002 blei han sparka ut av Olympiatoppen etter at han sette sprøyter med for store dosar jern på Marius Bakken. Han hadde da trent langdistanseløparen over fleire sesongar.
NRK har ikkje lukkast å få reaksjonar frå dei aktuelle utøvarane.