– Argentina har så mange talentfulle angriparar og andre gode offensive spelarar. Men det ser ikkje ut som dei veit korleis dei skal få det beste ut av dei. Messi passar ikkje inn, hevdar Desailly i si spalte i den britiske avisa The Guardian.
Desailly synest det smertar å kritisere Argentina, sidan det betyr at ein også må kritisere Lionel Messi – fem gonger kåra til verdas beste fotballspelar.
– Alle veit at Messi er ein stor spelar. Men vi er forvirra og triste på vegner av han. Noko manglar, kanskje er det trua, spør Desailly.
I 1998 var han ein forsvarsbauta då Frankrike vann sitt første og så langt einaste VM-gull. I ettermiddag skal Les Bleus opp mot nettopp Argentina i åttandedelsfinalen i VM. Medan Frankrike tok seg greitt vidare frå gruppespelet, sat Argentina sitt avansement langt lengre inne.
– Gjer ikkje som Spania
Dei opna med 1–1 mot Island, då Lionel Messi bomma på straffe. Vidare tapte dei heile 3–0 mot Kroatia. Berre eit skippertak mot Nigeria gjorde at dei tapande finalistane frå 2014 kom seg vidare. Messi scora Argentina sitt første mål, før Marcos Rojo stod for det avgjerande 2-1-målet fire minutt før full tid.
Det har herska mykje uro i den argentinske leiren gjennom gruppespelet. Både trenar Jorge Sampaoli og Messi har fått mykje kritikk.
– Om vi ser på Argentina si kvalifisering til VM, er det ikkje så overraskande at dei har slite i VM, meiner Marcel Desailly
Og utdjupar:
– I oppkøyringa tapte dei då også 6–1 mot Spania, rett nok utan Messi på bana. Det er fullt mogleg å vinne VM etter ein treig start, slik som Spania i 2010. Men det er ingenting som tyder på at Argentina skal klare det i år, meiner Marcel Desailly.
– Eg blir forbanna
Også NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp har blitt svært skuffa over Argentina så langt denne meisterskapen.
– Dei har vore sjokkerande svake. Når eg har snakka om Argentina denne meisterskapen har eg blitt forbanna. Dei har prestert svært langt unna det vi kan forvente med omsyn til kva spelarar dei har, meiner Torp.
På si side meiner Marcel Desailly at også Frankrike har meir å gå på enn dei har vist i VM så langt.
– Vi må heve oss om vi skal slå ut Argentina. Men til no har Frankrike møtt lag som ønskjer å forsvare seg og ikkje vil ha ballen i laget. Kanskje det passar det oss å møte eit betre fotballag som det går an å kontre på, vurderer verdsmeisteren frå 1998.
Frankrike – Argentina ser du på NRK klokka 16.00.