NRK Meny
Normal

Sensasjonell andreplass i går – heilt til topps i dag

Anaïs Chevalier beviste at andreplassen på sprinten fredag ikkje var noko blaff. I dag var ho suveren på jaktstarten og tok sin aller første verdscupsiger.

Komm.: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde.

SUVERENT: Her viser Anaïs Chevalier verdsklasse på siste ståande skyting, og tek ein suveren siger

Laster innhold, vennligst vent..

Chevalier bomma ein gong på første liggande. Etterpå skaut ho tre feilfrie seriar, den siste ståande serien var i verdsklasse.

Den franske jenta hadde tidlegare i sesongen knapt vore i nærleiken av første side på noko resultatliste i verdscupen. I går var ho ein del av den svært overraskande topptrioen.

– Dette gjorde veldig godt. Sesongstarten har vore tøff, så dette var stort, sa Chevalier til NRK.

Ho rosar det franske landslagsmiljøet.

– Vi er ein stor gjeng som heiar kvarandre fram og hjelper kvarandre, seier Chevalier, som tok Frankrikes andre siger i dag. Martin Fourcade var som vabnleg suveren på mennenes jaktstart.

Og med presset på seg frå start i dag, heldt ho hovudet kaldt. Med bommen på første skyting gjekk ho ut derfrå som nummer fem. Etter andre skyting var ho nummer to, og etter fem nye treff på tredje skyting var ho i teten.

Den heldt ho heilt inn, og kryssa målstreken 9,5 sekund framfor Dorothea Wierer.

– Teite bommar

Dei norske blei stort sett for lette i denne konkurransen. Men Tiril Eckhoff gjekk iallfall godt i sporet. Ho gjekk seg opp fram plassar frå 14.-plassen i går, trass heile fire bom, og eit knapt minutt bak vinnaren.

– To av bommane var teite, elles er eg godt nøgd, sa Eckhoff.

Ho bomma to gonger på første liggande og ein på kvar av dei to ståande skytingane.

– På liggande vart eg for ivrig, og bommen på den siste ståande var teit, sa ho til NRK etter målgang.

– Men eg kjenner på meg at form-pila peikar rett veg no, seier Eckhoff.

«Fredags-overraskingane» sprakk ikkje

Fredagens overraskande vinnar Tatjana Akimova fall heller ikkje av lasset. Med ein bom tok ho tredjeplassen, 19,4 bak vinnaren.

Den tredje overraskinga frå fredag, Susan Dunklee, forsvarte seg også godt. Ho enda på fjerdeplass.

Verdscupleiar Laura Dahlmeier var oppe og lukta på leiinga. Etter andre skyting var ho 11 sekund føre Chevalier. Men med tre bom fall ho ned til sjuandeplass.

Marte Olsbu vart nest beste nordmann på 18.-plass. Fanny Horn Birkeland vart nummer 35. Ho starta som nummer ni, men fekk sju bom.

Siste nytt

  • Messi med mål nummer hundre

    I kveldens 3–1-seier over Olympiakos fikk Lionel Messi æren av å sette inn sitt mesterligamål nummer 100.

    Tre minutter før pause ble Gerard Pique utvist for katalanerne.

    Barcelona leder gruppe D tre poeng foran Juventus som slo Sporting 2-1 i kveld.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Bare uavgjort for Atlético Madrid

    Atlético Madrid spilte uavgjort mot Tarik Elyounoussis Qarabag i dagens gruppespillskamp i Mesterligaen.

    Dermed står Atlético, som har nådd finalen i to av de tre siste sesongene, med bare to poeng etter tre kamper. Chelsea leder gruppen foran Roma.

    Azerbaijan Soccer Champions League Kevin Gameiro, Maksim Medvedev
    Foto: Aziz Karimov / AP
  • OL-sjef siktet for korrupsjon

    Carlos Nuzman, sjefen for fjorårets OL i Rio de Janeiro, er formelt siktet for korrupsjon, hvitvasking, skatteunndragelse og kriminell virksomhetsledelse. Nuzman er fra før suspendert fra sine verv i Den internasjonale olympiske komité (IOC).

    Brazil Nuzman Arrested
    Foto: Silvia Izquierdo / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal