Hopp til innhold

Knakk saman på landslagssamling og reiste heim: – Verda mi raste saman

Då Fran Kirby (29) var 14 år, oppstod marerittet som fekk ho til å legge fotballskoa på hylla. I dag er nok landslaget glade for at det ikkje skjedde permanent.

Women's International Friendly - England Training

HARDHUDA: Englands nummer 14, Fran Kirby, har gått gjennom mange tøffe stunder i livet.

Foto: CRAIG BROUGH / Reuters

– Mor mi pleidde å seie at eg kom til å bli den beste spelaren i verda. Ho var min største fan og motivator, fortel Fran Kirby opent hjå The Players Tribune.

Ho er ein av Englands aller største stjerner, angriparen som til dagleg held til i Chelsea.

Når motstandarlag førebur seg til å møte henne, blir det ofte sagt at ein må vere på vakt, for ho kan finne løysningar som ingen tenkjer er mogleg.

Kirby har fleire seriegull, cupgull og individuelle titlar, men det har vore sårt då ho ikkje har kunna dele det med personen som stod ho nærast.

Tidlegare i år fortalde ho opent om den uforklarlege sjukdommen som fekk ho til å bruke oksygenmaske på fritida, og no får du høyre historia om korleis Kirby mista mor si, og deretter stoppa å spele fotball.

Svima av på evalueringsmøte

Fran Kirby kjem frå Reading i England, og som sjuåring blei ho rekruttert til fotballakademiet med same namn, til trass for at ho på papiret var for ung.

Jenteakademiet var gode. Dei spelte i guteavdelinga og blei som oftast gjort narr av før kampstart, men etter kampslutt var tonen annleis. Nokre gonger vann jentene med tosifra tal.

Women's Euro 2022 - England Training

LANG FARTSTID: Kirbys karriere starta i Reading. Her er ho på trening under EM.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Etter hennar sjuande sesong i Reading, reiste Kirby og mor på det årlege evalueringsmøtet i lag med trenar.

Der diskuterte dei kva Kirby hadde vore god på den sesongen, kva som ikkje hadde vore så bra, og kva ho måtte jobbe vidare med.

Det var ein heilt normal samtale, før mor plutseleg braut inn og sa:

«Eg føler meg ikkje så bra». Ho låg hovudet på bordet og svima av.

Legane fortalde at mor hadde fått ein hjernebløding, og at det var lite dei kunne gjere.

Den positive og glade Kirby trudde likevel at det kom til å gå bra. Ho drog heim til bestevenninna si og sov over.

Dagen etter sat dei i hagen. Kirby minnast at det var ein vakker dag. Sola skein og dei kosa seg, men den gode stemninga blei avbroten då realiteten slo inn att.

Kirby måtte tilbake på sjukehuset, og den tragiske beskjeden blei gjeven:

Mor hennar er død.

– Eg hugsar at det ikkje trefte familien vår noko spesielt. Vi snakka ikkje noko meir om det på veldig lang tid. Det er nok det verste ein kunne gjort, fortel Kirby.

Slutta å spele fotball

Kirby fokuserte på fotballkarrieren. Ho treivst godt i Reading, og blei etter kvart henta inn på oppdrag for aldersbestemt landslag.

Ho hadde alt ho kunne drøyme om.

Heilt til sorga henta ho inn att.

Som 17-åring hadde mykje endra seg hjå Kirby. Ho var ikkje lenger den glade og latterfylte jenta du kunne høyre på lang avstand.

Women's Euro 2022 - Semi Final - England v Sweden

BLID: Så smilande var ikkje Fran Kirby på den tida. Her før kampstart mot Sverige i EM.

Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters

På det tidspunktet hadde ho reist på landslagssamling i Manchester, men ho kjende at det var noko som ikkje stemde. Ho kjende seg ikkje heime, der ho sat på eit rom med trenaren sin.

Plutseleg sa ho det rett ut: «Eg vil heim».

Det kom som ei overrasking hjå leiinga, som sjølvsagt kom med sine oppfølgingsspørsmål.

«Eg har ikkje lyst til dette meir. Eg saknar mor», sa ho vidare, og strigret.

– Det er flaut å tenkje tilbake på, seier ho.

Dei etterfølgande dagane blei brukt i senga, eller på besøk hjå fysioterapeuten i Reading. Fysioterapeuten hadde tatt unge Kirby under sine vegner, og stilte alltid opp om ho trong det.

Ho slutta å spele fotball, og sleit med å gjennomføre kvardagslege ting som skulearbeid og å ta bussen.

– Eg kjende meg som ein zombie. Verda mi raste saman, fortel Kirby.

Women's Euro 2022 - Group A - England v Austria

FANN ATT GLEDA: I dag er Kirby blant Englands største stjerner. Det kan ho takke venninna si for.

Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters

Vendepunktet

Men mor hadde i si tid rett. Å spele fotball var det Kirby elska, og ein av verdas beste fotballspelarar skulle ho bli.

Lidenskapen for sporten kom snikande tilbake då ei venninne spurde om ho ville bli med på laget hennar.

Dei spelte berre kampar på søndagar, droppa oppvarming og drog på pub etterpå.

Det tok vekk presset. Gleda for fotball kom tilbake, og Kirby reiste deretter tilbake til Reading. Då fekk ho sin første proffkontrakt med seniorlaget, og kort tid seinare blei ho henta inn på A-landslaget.

– Ho er nok det einaste ekte geniet i engelsk fotball, skriv The Guardians sportsjournalist Jonathan Liew om Kirbys kreative kvalitetar.

To mål og tre målgivande har Fran Kirby levert så langt i årets EM.

Hennar største ynskje

I dag spelar Kirby for Chelsea, i lag med Guro Reiten og Maren Mjelde.

Dei norske landslagsspelarane har ikkje anna enn lovord for lagvenninna si.

– Ho kan opne kvart einaste forsvar, og har nokre ferdigheiter med ball og ein fart som er heilt rå, har Reiten sagt til NRK tidlegare.

Fleire har kryssa veg med Kirby på veg til toppen. Talentspeidar Steven Fraser unner ho all suksess.

– Ho har vore gjennom så mykje, og likevel har ho sett seg sjølv i ein posisjon der ho kan vinne medaljar og få internasjonale utmerkingar. Ingen fortener det nok meir enn ho, seier han, ifølgje FourFourTwo.

Søndag skal ho spele sin første finale i EM, og sluttføre det mor fekk ho til å trene mot allereie som ung.

– Mamma var ekstremt viktig for meg i alt eg har gjort, og minnet av ho er blitt ein motivasjon for meg, seier ho.

Tårene kjem nok denne gongen også, uansett sluttresultat.

– Eg tenkjer på ho kvar dag, men ekstra mykje når ting går bra. Det er fordi eg ynskjer å feire med ho. Å sjå meg vinne det eg har gjort, ville vore hennar største augeblink i livet, seier Kirby.

EM-finalen mot Tyskland spelast klokka 18.00 på søndag, og den kan du sjå på NRK.

Les også England-stjerna ble rammet av uforklarlig sykdom: – Jeg vil betale tilbake for all støtte

Fran Kirby

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal