Video: Bli med ned "Die Streif"
Nordmannen viste framgang i løypa i Kitzbühel, ei av dei mest frykta og tøffe i verdscup-sirkuset.
- Eg er alltid nervøs før start her, sa han til NRK før løpet.
- Men eg har aldri kjent meg så komfortabel før start her i Kitzbühel som denne gongen, sa han til NTB etterpå.
Video: Alltid nervøs før start:
Nedover dei stupbratte hengene, der farten kjem opp i 140 km i timen, og der det lengste hoppet måler opp mot 60 meter, låg han før dåverande leiar Andrej Sporn midtvegs. Mot slutten gjekk ikkje hundredelene hans veg, og han ver 40 hundredeler for seint i mål.
Han var 29 hundredeler frå tredjeplassen.
Video: Sjå utforrennet til Aksel:
Seinare køyrde både Didier Cuche, Werner Heel og Mario Scheiber raskare og sende nordmannen ut av pallen.
- Eg gjorde eigentleg ingen feil nedover, men eg merka at det ikkje var noko perfekt løp. Eg er meir nøgd med utfor i dag enn med fredagens super-G. Femteplass er godkjent, sa Svindal til NTB.
Kjetil Jansrud vart nummer 33, 2,52 sekund bak vinnaren.