Verdsrekord-bonanzaen på superisen i Salt Lake City enda i antiklimaks.
– Dette må vere ein boikott av noko slag, sa ein overraska NRK-kommentator Carl Andreas Wold under løpet. – Det er ein skandale.
Verdsrekordhaldaren kryssa målstreken på 41,28, ei tid til og med legendariske Evgenij Grisjin på 50- og 60-talet hadde vore flau over. Parkamerat Ruslan Murasjov vann paret, men 39,28 vitnar også om ein nokså makeleg søndagstur.
Demonstrerte mot poengsystemet
Til den nederlandske kringkastaren NOS sa han via sin tolk at han ville demonstrere mot det han meiner er urettferdig poengsystem i verdscupen. Det blei endra før denne sesongen, med mindre poengskilnad mellom dei beste plasseringane. Samtidig gav verdscup-siger doble poeng, mot tidlegare berre 50 prosent fleire.
– Dette er det ingen logikk i. Dei trenar heile året for å gå fort, og det er ein sjeldan gong dei får lov å gå her på verdas raskaste is når dei er i toppform, sa ekspertkommentator Even Wetten.
– Kulitsjnikov var sliten og hadde allereie vist kva han er god for. Murasjov var skadd og kunne ikkje gå raskt. Men han ville fullføre for å sikre verdscuppoenga, sa Russlands trenar Dmitri Dorofejev.
Pipekonsert
Kulitsjnikov sette laurdag verdsrekord på 33,61 – ei forbetring av hans eigen gamle rekord på ufattelege 37 hundredelar. Derfor venta publikum på ein ny eksplosjon når han starta i det aller siste paret på same distanse søndag.
Derfor måtte dei to russarane tole kraftig pipekonsert frå publikum på oppløpet.
Tanken bak det nye poengsystemet er å sikre at dei beste deltar i flest mogeleg verdscup-stemne, og at verdscup-finalen skal vere avgjerande. Dette gjer seg spesielt utslag på 500 meter, fordi den distansen skal dei gå to gonger i avslutninga.
For Kulitsjnikov innebar det at han ikkje var heilt sikker på å vinne verdscupen før siste løp, men at han ville sikre sigeren ved å fullføre.
– Eg vann sju av dei første ti løpa denne sesongen, men var likevel ikkje sikker på sigeren før det aller siste løpet, forklarte han, ifølgje NU Sport.
– Gjer narr av fansen og sporten
Reaksjonane er sterke.
– Han gjer narr av fansen og sporten, sa den tidlegare toppløparen Mark Tuitert.
– Du gjer berre ikkje slikt. Dette er heilt meiningslaust, samstemte eks-sprinter Erben Wennemars.
Verdsrekordhaldaren var ikkje særleg pratande då NRK møtte han etter løpet. Men han avviser at det var ein protest.
– Nei.
– Kvifor gjekk det så sakte?
– Det gjekk sakte, ja.
– Gjekk du berre for å slappe av?
– Ja.
Håvard Lorentzen er ikkje vidare imponert over det som skjedde.
– Eg trur alle som var her, blei nokså overraska. Det er utruleg merkeleg og rart at han vel å gjere det. Han måtte gå i dag for å vinne samanlagt, men kvifor han berre ruslar gjennom, forstår eg ikkje.
– Dette er første gong er høyrer buing i skøytesporten, seier Lorentzen.