NRK Meny
Normal

Frå skyhøge reiserekningar til øydelegging av positive dopingprøvar

Avsløringane i WADA-rapporten i går er berre toppen av isfjellet for Russlands sportsminister, Vitaly Mutko.

Russia Doping Vitaly Mutko

VM-SJEF: Russlands sportsminister, Vitaly Mutko, er president i det russiske fotballforbundet og var med på søknaden då Russland vart tildelt fotball-VM i 2018.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Vitaly Mutkos namn vart nemnd heile 21 gonger i rapporten som WADAs uavhengige granskingskommisjon låg fram i går. Den hevdar å bevisa at Russland hadde eit statskontrollert dopingsystem under OL i Sotsji, med Mutko som øvste leiar.

I rapporten kjem det fram at Mutko, saman med viseminister, Yuri Nagornykh, spelte rolla som «Gud» og bestemte kven sine positive dopingprøvar som skulle publiserast og kva prøvar som skulle «forsvinna».

Nagornykh har blitt midlertidig suspendert frå sitt verv, medan Mutko sjølv framleis sitt i stillinga.

​ – Det er vanskeleg å tru at ein viseminister har styrt noko slik utan at sjefen har vist noko om det, seier spesialrådgjevar for Antidoping Norge, Rune Andersen.

Men kven er så denne 57-åringen, som har vore Russlands sportsminister sidan 2008?

Russia Doping WADA Yuri Nagornykh

VISEMINISTER: Yuri Nagornykh har vore viseministeren til Vitaly Mutko.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Putin-kompis

Vitaly Mutko starta si karriere innan idretten i Saint Petersburg, der han blant anna var styreformann for fotballklubben FC Zenit Saint Petersburg i ein periode. Det var under tida i St. Petersburg han vart kjend med Russlands president, Vladimir Putin.

– Han vert sett på som ein litt komisk figur og Putins løpegut, her i Russland, seier NRKs utanrikskorrespondent i Russland, Morten Jentoft.

Grigorij Rodtsjenkov, den tidlegare sjefen for det russiske dopinglaboratoriumet i Moskva, var den som melde frå om at Mutko visste om at dei øydela dopingtestar og forfalska positive prøvar.

Gått gradene

For det er ikkje første gong at sportsministeren er blanda inn i kontroversar.

Sidan tida som styreleiar i FC Zenit Saint Petersburg på 90-talet har Mutko gått gradene i det russiske sportssystemet. Han har vore leiar for den russiske fotballigaen og er akkurat no president i det russiske fotballforbundet og leia Russlands VM-søknad for 2018.

Med berre to år att til VM i fotball på heimebane, uttalte Mutko at Russland ikkje har eit fotballandslag lengre, etter fiaskoen under EM i Frankrike som enda med tre tap.

Mutko sitt i FIFA-komiteen, men etter at det kom fram i gårsdagens rapport at 57-åringen hjelpte til med å dekke over ein positiv dopingprøve av ein utanlandsk spelar i den russiske ligaen, er han no under etterforsking av FIFA.

Bestilte 97 frukostar

Det er ikkje berre skuldingar om å dekke over positive dopingprøvar frå russiske utøvarar, både i friidrett og under OL i Sotsji som har gitt Mutko negativ merksemd.

Etter OL i Vancouver i 2010 kom det fram at Mutko hadde bestilt 97 frukostar, gjennom dei 20 dagane han var der. Prisen? $4500, eller 38.000 kroner med dagens kurs.

I tillegg brukte han $32.400 (274.000 kroner) på hotellovernatting, noko som var 12 gonger meir enn budsjettet han hadde fått.

Siste nytt

  • Hockeygutta med full kontroll

    De norske ishockeyherrene viste solide takter mot Frankrike i kveld. Franskmennene ble banket 6-0 etter en norsk kanonstart. – Vi var «på» stort sett i hele kampen, og det er jeg fornøyd med, sier landslagssjef Petter Thoresen til NTB.

    patrick
    Foto: LARSEN, HÃ¥KON MOSVOLD / NTB SCANPIX
  • Lunde irritert over arrangørene

    Katrine Lunde var irritert etter VM-seieren over Nederland i kveld. Dopingkontrollen kom ikke i gang. – Dette tar for lang tid. Ikke får vi restituert heller, sa en litt oppgitt Lunde til NTB i pressesonen.

    Katrine Lunde Haraldsen jubler
    Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpi
  • Christiansen tok også bronse

    Henrik Christiansen tok bronse på 1500 meter fristil under svømme-EM i København i kveld. 21-åringen fra Skjetten svømte inn på 14:25,66, og endte elleve sekunder bak ukrainske Mykhaylo Romanchuk, som vant distansen.

    Henrik Christiansen
    Foto: SVT

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Super-G kvinner
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup kombinert, hopp
V-cup langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup langrenn: 10 km fri teknikk kvinner
V-cup skiskyting: Jaktstart kvinner
V-cup alpint: Utfor, menn