NRK Meny
Normal

Frå narkoman til OL-medaljør

For fire år sidan var Luvo Manyonga ei hårsbreidd ifrå å døy av metamfetamin-misbruk. I natt var han ein centimeter frå å ta OL gull.

OLYMPICS-RIO-ATHLETICS-M-LONGJUMP

MEDALJEJUBEL: Sør-Afrikas Luvo Manyonga tok OL-sølv, men jubla som det skulle vore gull

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Dei olympiske leikar er fulle av fantastiske historier om enkeltmenneske. Historia til Sør-Afrikanske Luvo Manyonga er ei av dei.

For i natt tok Manyonga eit sensasjonelt OL-sølv i lengdehopp, berre ein centimeter bak vinnar Jeff Henderson.

Det var det få som hadde trudd for fire år sidan.

Då rusen tok over

I 2012 blei Manyonga utestengd i 18 månadar etter ein positiv dopingprøve. Han hadde byrja å ta meir og meir av det sentralstimulerande narkotiske stoffet metamfetamin, og livet hans er på veg ut av kontroll.

Rusen hadde teke overhand, og familien til Manyonga frykta at avhengigheiten skal bli slutten på livet hans.

Han støytte også frå seg sin gode venn og trenar, Mario Smith. Mannen som oppdaga talentet til Manyonga og trente han til verdstoppen. Trenaren stod ved eleven sin trass alle dei tunge stundene på veg mot målet.

Men Smith nekta framleis å gi Manyonga opp. I 2014 sette han seg i bilen for å besøke Manyonga, for å reparere forholdet. Han kjem seg derimot aldri fram til huset til sin tidlegare elev. På vegen blir Smith drepen i ei trafikkulykke.

Klarte ikkje gravferda

Manyonga tek tapet av den gode vennen tungt. På dagen til gravferda er han klar for å ta eit siste farvel med trenaren, mentoren og farsfiguren.

Han tek på seg dei tettsitjande raude jeansa sine, og tråkkar inn i dei svarte aurlandsskoa med spiss tå. Han har kjøpt togbilletten han skal bruke for å komme seg til gravferda, og er på veg ned til togstasjonen i god tid.

Men kan kjem seg aldri fram. På eit gatehjørne møter han ein gjeng med venner som tilbyr han ei pipe. Manyonga takkar ja, og blir so rusa at han ikkje klarar å rekke toget.

Det var då han skjønte at han måtte ta grep.

Den lange vegen attende

Med hjelp av den irske trenaren John McGrath, og tidlegare olympiar Ryk Neethling tek han opp kampen mot narkotikamisbruket.

Trass mange tilbakefall nektar dei å gje opp, og i år var sørafrikanaren attende i konkurranse etter nesten 4 års avbrekk.

ATHLETICS-OLY-2016-RIO

PERSONLEG BESTENOTERING: Eit luftig svev på heile 8.38 meter sikrar personleg bestenotering og olympisk sølv til Luvo Manyonga.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Og det blei eit comeback av dei sjeldne.

I nattas lengdehoppkonkurranse var han i storslag, og såg lenge ut til å ta gullmedaljen. Med personleg bestenotering på 8.37 meter er han først i konkurransen, heilt til Jeff Henderson skal ta sitt sjette og siste hopp. Han landar på 8.38, og klatrar øvst på resultatlista.

Ein fattig centimeter frå gull, men som Manyonga påpeika etter sølvet: «Det er ikkje so farleg, det er berre ein konkurranse.»

Siste nytt

  • Molde slo tilbake

    Molde vann 3–0 heime mot Stabæk i kveld. Dermed slo dei tilbake på første forsøk etter 1-0-tapet mot Kristiansund. Fredrik Aursnes og Eirik Hestad scora begge før kvarteret var spelt, medan innbytar Mattias Moström slo til med eit lekkert mål i det 90. minutt.

    Fredrik Aursnes og Eirik Hestad
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Vil sende dommaren til Haag

    Serbia-trenar Mladen Krstajic er svært skuffa over at Aleksandar Mitrovic ikkje fekk straffe i 2-1-tapet mot Sveits. – Dommaren (tyske Felix Brych) burde ha blitt sendt til Haag, rasar Krstajic – og siktar til byen der den internasjonale straffedomstolen ligg.

    FBL-WC-2018-SRB-PRESSER
    Foto: OZAN KOSE / AFP
  • Vrakar Ôzil og Khedira

    Verken Mesut Özil eller Sami Khedira får fornya tillit når Tyskland møter Sverige i kveld. Marco Reus og Sebastian Rudy tek deira plassar i 11-aren. Dessutan kjem Jonas Hector og Antonio Rüdiger inn for Marvin Plattenhardt og Mats Hummels i forsvaret.

    SOCCER-WORLDCUP-GER-SWE/PREVIEW
    Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: Tyskland - Sverige