I dag blei det siste OL-uttaket til Rio offentleggjort av Olympiatoppen. Toppidrettsjef i Olympiatoppen, Tore Øvrebø, tok i dag ut 17 nye utøvarar til leikane i Brasil.
Totalt sender Norge 62 utøvarar til OL i Rio.
- Les også: Kritiske til særnorske-krav
– Begge har prestert bra
Blant dei uttekne var Isabelle Pedersen, som korkje har klart det internasjonale eller særnorske kravet i år. Fordi ho klarte det internasjonale fleire gonger i fjor, kunne Olympiatoppen i teorien ta ho ut.
– Det er som eg har sagt heile vegen, eg håpar dei ser at det bur mykje meir i denne kroppen og sender meg til Rio.
Det sa Pedersen til NRK i går.
Det har dei no altså gjort, og Pedersen kan puste letta ut. I kveld skal ho springe Folksam Grand Prix i Göteborg.
Øvrebø forklarar uttaket av Pedersen og Ezinne Okparaebo slik til NRK.
– Dei har begge prestert på veldig høgt nivå tidlegare, og hadde gode tider i fjor. Dei har dokumentert at dei er på gang i år, og dei har fortsatt ein månad å forbrede seg på.
– Det var veldig bra, og eg er veldig letta.
Det sa Okparaebo til NRK rett etter uttaket. Ho kunne også bekrefta at ho ikkje skal konkurrere i andre stemne enn NM fram mot Rio.
– No er det berre å køyre på til OL. Eg skal berre springe i NM, og ingen andre stemne.
Særnorske OL-krav
Det er fleire som den siste tida har vore skeptiske til om det er rett å ha særnorske krav. Det stiller Øvrebø seg undrande til.
– Viss det ikkje skal vere krav i toppidretten, kvar skal det då vere krav? Spør Øvebrø tilbake.
– Det nasjonale kravet, er ein operasjonalisering av det topp 12-kravet me har. Det er eit uttrykk for kvar ein bør ligge, legg han til.
– Superstolt og superglad
Ein av dei andre utøvarane som ikkje hadde klart det særnorske kravet, men likevel får vere med til Rio, er mellomdistanseløpar Hedda Hynne.
– Eg er superstolt og superglad, og litt letta, for eg har håpa på dette. Det var deilig å få det bekrefta.
I år har ho sprunge på 2.00.94. Det er 94 hundredelar bak det særnorske kravet på 2.00.00, men godt innafor det internasjonale kravet på 2.01.50. Ho har difor levd i uvisse fram til dagens uttak, og fortel at det har vore nervepirrande til tider.
– Eg har vore spent og sove litt dårleg på natta, men eg har hatt trua på at eg skulle få lov. Eg meiner eg har ein sjanse til å prestere der nede. Eg er gira og spent.