– Det var ein veldig spesiell natt. Det ser ut som det aldri vil stoppe, seier Jean Marc Gaillard.
Har er ein av fleire franske langrennsløparar som går sesongopninga på Beitostølen. Gaillard fortel dei såg meldinga rett før dei skulle legge seg i går kveld. Skiskyttar Martin Fourcade er også ein del av laget denne helga.
Begge var svært prega av alvoret da dei møtte NRK på skistadion før start i dag.
Vanskeleg å finne ord
– Det var eit stort sjokk, og den same situasjonen som i januar, seier Fourcade.
– Det er aldri lett å finne ord når slike ting skjer. Me tenkjer veldig på alle vår franske vener. Dette er ein stor skam. Dette er ikkje berre snakk om Frankrike, det er om heile verda, alle er bekymra, seier Gaillard.
35-åringen med ein verdscupsiger fortel at han hadde familie i Paris i går kveld, men har blitt forsikra over at alle har det bra. Fourcade hadde vener som var på landskampen mellom Frankrike-Tyskland på Stade de France og på ein bar like ved eksplosjonen.
– Eg har snakka med dei. Dei var redde, men glade for å vere i live. Men dette handlar ikkje berre om ein person, ein tenkjer på kva som skjer i verda. Mine tankar går til Paris, heile Frankrike og dei som har mista nokon dei er glad i, seier Fourcade.
Fourcade skal gå
Gaillard kjem ikkje til å gå 15 kilometeren seinare i dag, men var heller aldri påmeldt.
– Det vil bli vanskeleg å konkurrere i dag. Sjølvsagt var det vanskeleg å få sova i går, men me må berre prøve å fokusere på det me er her for.
Men verdas beste skiskyttar Martin Fourcade, har bestemt seg for å gå.
– Me må stå saman og vere sterke. Eg har gledd meg til å gå langrenn og må prøve å smile og nyte konkurransen sjølv om det ikkje er lett å gå med eit smil i dag.
15 kilometeren for herrer kan du følgje her frå klokka 13.30.