Han er den største stjerna og den største favoritten under VM i Holmenkollen. Men nå kan Martin Fourcade stille svakare enn venta til VM-starten på torsdag.
– Martin fekk ein infeksjon etter at han kom heim frå USA og mista fem dagar med trening. Me var redde da han fekk feber, fortel den franske landslagstrenaren Stéphane Bouthiaux.
– Håpar eg har tatt igjen i treninga
I dag var Fourcade på plass i Holmenkollen etter å vore på treningssamling på Geilo og trena som normalt dei siste seks dagane. Men før det var den siste delen av VM-oppkøyringa langt frå problemfri for verdscupleiaren.
– Eg var sjuk etter USA-turen, men nå er alt bra. Eg håpar eg har tatt igjen treninga eg tapte, seier Fourcade til NRK etter treningsøkta i VM-anlegget.
Trenar Bouthiaux fortel at 27-åringen sleit med tette luftvegar og feber, og låg heilt utslått i tre-fire dagar. Dermed var han naturleg nok sett ein del tilbake da han var tilbake i skiløypa på Geilo sist veke.
– Formen var ikkje god i starten av førre veke, men han hadde ei hardøkt på laurdag og gjekk testrenn i går. Da verka alt mykje betre, sjølv om han ikkje hadde formen frå verdscuprunden i USA heilt inne, fortel Bouthiaux.
– Feber er krise
NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde meiner det er langt frå gunstig å dra med seg sjukdom inn i dei siste førebuingane til meisterskapet.
– Feber er veldig krise med tanke på VM. Det kan skape problemer for Fourcade, særleg i starten av meisterskapet. Det set kroppen veldig tilbake og ikkje minst skapar det usikkerheit, seier Lunde
Fourcade sjølv verkar å sjå lyst på meisterskapet som opnar med mixed-stafett torsdag.
– Ein veit aldri, men eg håpar å vere i god form til helga og mixed-stafetten vil vere ein fantastisk oppvarming for meg.
Ifølgje landslagstrenaren har det aldri vore snakk om å stå over konkurransar.
– Han vil stille i alle konkurransane her og skal gå på torsdag. Han vil vinne det han ikkje har vunne, og vil bruke mixed-stafetten som ein god gjennomkøyring.
Martin Fourcade har berre sølv og bronse frå mixed-stafett i VM. På torsdag er han klar for å prøve igjen.