Hopp til innhold

Fourcade får truslar frå Russland: – Nokre vil drepe meg

NOVE MESTO/ OSLO (NRK): Martin Fourcades dopingutsegn skapar reaksjonar i Russland.

Czech Republic Biathlon World Cup

BLIR HETSA: Martin Fourcade har fått høyre det frå russisk side den siste veka.

Foto: Petr David Josek / Ap

I kjølvatnet av McLaren-rapporten, som slår fast at minst 1 000 russiske idrettsutøvarar skal ha vore ein del av Russlands dopingprogram frå 2011 til etter Sotsji-OL i 2014, er det fleire utøvarar som har sagt si meining i saka.

No er det fleire som er blitt offer for hets frå sine russiske følgarar, etter at fleire av sitata er omsett til russisk.

For Martin Fourcade gjekk det so langt at han måtte legge ut ei eiga forklaring på eit sosialt medium i Russland etter å ha fått drapstruslar.

– Folk misforstår

På laurdagens jaktstart var Martin Fourcade nok ein gong i ein liga for seg sjølv. Han leika med konkurrentane, og blei historisk med å vinne seks verdscupsigrar før nyttår.

Men mellom sigrane har han komme i søkelyset til hans supporterar i Russland. Han gjekk til orde for å boikotte verdscupen viss doparar ikkje blei straffa.

– Eg håpar dei har ballar nok til å stenge ute dei. Viss ikkje må skiskyttarane sjølv ta grep, sa Fourcade.

Fredag såg han seg nøydd til å legge ut si forklaring om kva han eigentleg meinte.

Laster Twitter-innhold

– Nokre folk kan misforstå kva ein tenkjer og kva ein seier. Det var difor eg kommenterte til mine russiske fans. Eg vil ikkje at folk skal like meg, men eg vil at dei skal forstå kva eg tenkjer på, seier Fourcade til NRK.

Har fått drapstruslar

Den omfattande dopingrapporten omfattar mange vinteridrettar, og engasjerer folk frå heile verda. Også norske utøvarar har kommentert at tala som er løfta fram er «heilt sjuke»

Johannes Thingnes Bø fekk gjennomgå frå sine russiske fans etter at hans utsegner til NRK blei feilaktig omsett til russisk.

Johannes Thingnes Bø

RUSSERSTORM: Russiske skiskytterfans raste mot Johannes Thingnes Bø etter utsegna hans til NRK.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

No seier også Martin Fourcade at han har teke imot truslar som følge av intervju han har gitt til utanlandske mediekanalar.

– Nokre sender meg kjærleik, andre vil drepe meg, det er berre slik det er, seier Fourcade til NRK.

– Eg er ikkje perfekt

Han vil gjerne halde på sine fans i Russland, og det var ein av grunnane til at han la ut innlegget på russisk, der han forklarte sine meiningar.

– Eg vil berre at dei skal forstå kva eg meiner. So må dei bestemme om dei elskar eller hatar meg. Men eg håpar jo sjølvsagt at dei elskar meg, seier Fourcade.

Og han innrømmer at han også, kan gjere feil, trass at han på laurdagens renn blei historisk, som den første skiskyttaren som har vunne seks verdscupsigrar før nyttår.

– Eg er ingen perfekt mann. Eg har mine svakheiter. Eg prøver ikkje å skulere andre, eller å virke som meir viktig enn dei andre.

Men Fourcade vil ikkje slutte med å seie sine meiningar i framtida.

– For nokon er skisyting berre business. For meg er det meir. Det er ein moral som er viktig, og det vil eg fortsette å snakke om.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal