Midtbanespelaren frå Marokko er utleigd til AaFK denne sesongen frå Olympique Safi, men flyskrekk gjer at han ikkje spelar kampen mot Viking i dag. Det skriv Sunnmørsposten.
Medan resten av laget i dag reiste i charterfly, fekk marokkanaren tilbod om å ta vanleg rutefly nedover. Det ynskja han ikkje. Å køyre bil i ca 11 timar frå Ålesund til Stavanger var heller ikkje aktuelt.
– Det er fryktelig synd, men så lenge han slit såpass er det vanskeleg å gjere noko med det, seier trenar Jan Jönsson til Sunnmørsposten.
Då AaFK spelte mot Lillestrøm vart Houcine Zaidoun køyrt i bil til Åråsen.
Kan stoppe karriera
– Å true eit menneske med flyskrekk opp i eit fly kjem det ingenting godt ut av, seier Henrik Hoff, dagleg leiar i AaFK.
Klubben har akseptert at dei må klare seg utan midtbanespelaren.
Låneavtalen med Houcine Zaidoun varer ut sesongen, og karrieren hans i Ålesundsklubben kan få ein slutt på grunn av flyskrekken. Hoff stadfestar at redselen for å fly kjem til å bli tatt med i vurderinga, når ein skal avgjerde om marokkaneren skal bli lenger i klubben.
– Det er ingen god kombinasjon å spele fotball utan å kunne ta fly, seier Hoff.