Hopp til innhold

Presidenten grip inn – heldt møte med landslagsleiinga

Fotballpresident Terje Svendsen tar no grep i den betente konflikten mellom landslagssjef Lars Lagerbäck og Alexander Sørloth.

Terje Svendsen

RYDD OPP: Fotballpresidenten har bede landslagsleiinga om å rydde opp i konflikten kring landslaget.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Det er absolutt ikkje positivt at ein sånn dialog går føre seg i media. Dette ønska vi å ha heldt internt. Det er viktig å komme i eit spor der vi finn ein fornuftig prosess og løyser saka.

Presidenten hadde i dag tidleg eit møte med leiinga i landslaget.

– Det er sett i gang ein prosess. Ansvaret ligg hjå landslagsleiinga for å løyse saka, seier Svendsen til NRK.

I følgje han var det landslagssjefen sjølv som tok initativ til møtet.

Stor usemje om sanninga

Det var i går landslagssjefen sende ut ei pressemelding, der han sa Sørloth skal ha kalla landslagsleiinga for inkompetent i eit oppvaskmøte etter Serbia-konflikten. Seinare på kvelden avviste Alexander Sørloth desse påstandane.

– Eg har aldri sagt at nokon i trenarteamet er inkompetente. Aldri, svarte spissen via sin agent Morten Wivestad til NTB.

Trening med landslaget i fotball

KONFLIKT: Lagerbäck og Sørloth er usamde om kva som eigentleg vart sagt under spelarmøtet etter Serbia-kampen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sørloth var også svært kritisk til at landslaget sende ut ei pressemelding om det som var eit internt møte, og at det stod i pressemeldinga frå NFF at han ikkje ville uttale seg om saka.

– Eg har alltid vore tilhengar av folk som er ærlege, direkte og tydelege. Denne gangen vart det litt for tydeleg. Så tydeleg at dei bryt sine eigne prinsipp om å ikkje ta interne usemjer med pressa.

– Då føler man seg aleine når man eigentleg skal vere på lag, sa han vidare.

Landslagsleiinga kontra raskt tilbake via sin mediesjef Svein Graff.

– I fire dagar har vi gitt Alexander mogelegheita til å kommentere kva som skjedde og stadfeste at vi vart einige om å la saka ligge etter at han bad om unnskyldning for oppførselen, stod det i svaret frå landslagstrenarane Lars Lagerbäck, Per Joar Hansen og Frode Grodås.

Har tillit til partane

Presidenten seier han sjølv ikkje var til stades i oppvaskmøtet etter kampen, men at han har tillit til at landslagsleiinga vil rydde opp.

– Eg reknar med at det var høg temperatur etter Serbia-kampen, og at både trenarar, spelarar og støtteapparat var skuffa. Men eg skulle ønske at slike ting vart ordnar opp internt utan at vi får ein offentleg debatt og diskusjon dei ulike standpunkta.

Fotball trening på Ullevaal stadion

TILLIT: Det har storma rundt landslagssjef Lars Lagerbäck og Alexander Sørloth siste dagane.

Foto: Vidar Ruud / NTB

På spørsmålet om dette vil få konsekvensar for Sørloth, svarar Svendsen dette:

– Det er ikkje styreleiar eller presidenten si oppgåve å ta ut laget. Eg reknar med at den prosessen landslagsleiinga no skal inn i forhåpentlegvis klarer å bygge ned det som no ser ut som litt style frontar og kjem på eit fornuftig spor.

Landslagssjefen beklaga i går at han skal ha referert til ein tidlegare kamp mot Kypros i diskusjonen med Sørloth. I den kampen bomma som kjent 24-åringen på ope mål.

«Du var inte så kaxig för två år sedan i Cypern», skal Lagerbäck ha sagt.

Svendsen understrekar at han framleis har tillit til landslagssjefen.

– Eg har full tillit til Lars Lagerbäck. Det er han som er trenar. Det er han fordi han er ein dyktig trenar, svarar Svendsen.

Mediesjef Svein Graff skriv i ein SMS til NRK at dei ikkje vil kommentere saka ytterligare no.

– Vi jobbar for å løyse situasjonen. Den løyser vi ikkje i media, men internt.

Solskjær trur landslagsleiinga er skuffa

På ein pressekonferanse før Chelsea-kampen laurdag kommenterte også United-manager Ole Gunnar Solskjær striden rundt landslaget.

– Eg vil ikkje kommentere denne saka spesielt, men ei gruppe og eit lag er som ein familie, og det er skuffande om ting kjem ut av garderoben og spesielt som det er sant, seier Solskjær til TV 2.

Premier League - Manchester United v Tottenham Hotspur

SKUFFA: United-manager Ole Gunnar Solskjær trur landslagsleiinga er skuffa.

Foto: Alex Livesey / Reuters

– Det er mykje som har kome ut som ikkje er sant, men når det er stadfesta frå innsida og eg er sikker på at trenaren og leiinga i landslaget er skuffa.

Illojalt med lekkasjar

Dagleg leiar i Norsk Fotballtrenerforening, Teddy Moen, reagerer sterkt på at lekkasjane har lekka ut til media.

Pressekonferanse med Kåre Ingebrigtsen og Erik Hoftun.

ILLOJALT: Teddy Moen i trenarforeinga meiner det er illojalt dersom ein av spelarane har lekka informasjonen til pressa.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Eg vil gå så langt å sei at det illojalt, dersom det er ein spelarar som har lekka dette her. Det er så langt over det man kan forvente av ein profesjonell spelar.

Han seier vidare at det er dei som var i rommet og på hotellet desse dagane som no må stå ansvarlege og kjenne på det.

– Dette er øydeleggande for NFF, spelarane og landslaget, legg Moen til.

At saka er blitt ein offentleg skittentøyvask i media, meiner at han er svært uheldig og at saka dermed er blitt langt større enn det er grunn til.

– Det at det er usemje, tvistar og konfliktar innanfor ei prestasjonsgruppe, det er ikkje særleg overraskande for dei fleste. Men klart når det kjem ut så eskalerer det og blir ein mykje større sak enn det er.

Han er viss på at Lars Lagerbäck er rett mann til å rydde opp i konflikten.

– Lars har ein krevjande jobb. Ein av dei vanskelegaste i norsk idrett. Men han er kanskje den mest erfarne i Norden. Han gjere som alle andre feil av og til, men det er ingen betre til å løyse det.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal