Hopp til innhold

Han scora sigersmålet – så blei det krig i 100 timar

Pipo Rodriguez' sigersmål mot naboen fekk konsekvensar som ingen anna fotballscoring nokon gong har fått. For nøyaktig 50 år sidan begynte «fotballkrigen».

Mauricio "Pipi" Rodriguez

HISTORISK MÅLSCORAR: Mauricio «Pipo» Rodriguez gav El Salvador sigeren som utløyste krigen

Foto: Marvin Recinos / AFP

– 11 menn i shorts er nabolagets, byens og landets sverd, har den uruguayanske forfattaren Eduardo Galleano sagt.

Aldri har det blitt meir tydeleg enn i Mellom-Amerika sommaren for 50 år sidan.

26. juni 1969 er ein gjennomvåt regndag i Mexico by. Mektige Azteka stadion er rusta opp til neste års fotball-VM, og har plass til over 100.000 tilskodarar.

Derfor ser det nesten tomt og puslete ut når berre 18.000 har funne fram i pøsregnet. Iallfall så puslete at ingen skulle tru at det dei er med på, skal utløyse ein regulær krig – ein væpna konflikt mellom to land.

Men dei 18.000 har nok ei aning om at det kan skje. Med berre nokre få unntak er alle tilreisande frå El Salvador eller Honduras, og dei er ikkje gode vener. For å seie det mildt.

Det veit også arrangøren. For inne på, og i gatene rundt, gigantarenaen er 5000 godt væpna mann frå opprørspolitiet på vakt. Dei anar kva som skal kome.

100 timar med krig

Det synest ikkje ute på grasteppet. Etter ein siger kvar i dei to første kampane, møtest laga for tredje gong på mindre enn tre veker for å kjempe om å kome til VM.

Kampen blir tøff og intens, men reinspela. Det står 2–2 etter 90 minutt. 11 minutt ut i ekstraomgangane scorar El Salvador det som skal vise seg å bli sigersmålet. Så takkar spelarane kvarandre for kampen, nokon i ekstrem glede, nokon ved stort vonbrot.

Men utanfor bana eksploderer det. Alt som kan tenkjast av motsetningar, kjem til overflata. Mindre enn tre veker seinare, den 14. juli, har fotballkampen gått over i ein regulær krig, med invasjon, bombing og tusenvis av sivile offer.

For første og einaste gong i historia utløyser ein fotballkamp ein militær konflikt – ein krig som skulle vare i nokså nøyaktig 100 timar.

Det meste av konflikten har lite og ingenting med fotball å gjere. Men det er fotballen som sparkar krigen i gang.

El Salvador og Honduras - Fotballkrigen 1969

300.000 innvandrarar

Heile greia hadde bygt seg opp over lang tid.

El Salvador er lite, tettfolka og fattig. I 1969 var folketalet i overkant av 3,7 millionar på eit område mindre enn Oppland fylke.

I nabolandet Honduras var situasjonen stikk motsett. Det er eit fem gonger så stort land med færre innbyggjarar – berre 2,6 millionar på den tid.

Derfor var det dit salvadoranarane reiste for å søkje lykka. Det blei etter kvart 300.000 av dei – nærmare 15 prosent av det totale folketalet. Mange av dei var bønder som hadde slått seg til i Honduras og skaffa seg land ulovleg, og irritasjonen blant honduranarane steig tilsvarande.

Nye og strengare lover for innvandring og landeigedom i 1967 gjorde ikkje spenninga mindre.

Mot slutten av 60-talet var det også konfliktar om grensene mellom dei to landa.

Masseutvisningar

Krigsflyktningar Honduras 1969

FLUKT: Honduras' aksjonar mot ulovlege salvadoranske innvandrarar førte til masseflukt

Foto: AP

Berre dagar før første fotballkampen tok Honduras også til å utvise salvadoranarar som var etablerte i landet – først i hundretal, så i tusental.

Det var med den konflikten boblande like under overflata fotballkampane blei spela.

Den første kampen gjekk i Honduras 8. juni. Laget frå El Salvador tok den drygt 30 mil lange turen til hovudstaden Tegucigalpa dagen før. Det burde dei kanskje ikkje ha gjort.

For honduranarane heldt eit svare spetakkel rundt hotellet deira heile natta. Det blei rapportert om steinkasting mot vindauga, fyrverkeri, bilhorn på full styrke, og rop og skrik.

Akkurat det var ikkje uvanleg i Latin-Amerika. Men intensiteten skulle varsle om at det skulle bli vesentleg verre enn vanleg denne gongen.

Heimelaget var favorittar, og vann, men berre så vidt. Det blei 1–0 over søvnlause salvadoranarar, men Roberto Cardonas scoring kom ikkje før på overtid.

Avis om fotballkrigen 1969

«GUERRA FUTBOLISTICA»: Lokale media var fulle av reportasjar frå krigen – og let seg villig bruke i propagandaen

«Nazistar, tjuvar og sadistar»

Den dramatiske avslutninga forsterka den elektriske stemninga på begge sider av grensa før returkampen i San Salvador 15. juni. Media i begge land kasta bensin på bålet. Ord som nazistar, tjuvar, sadistar og det som verre var, prega overskriftene.

Returkampen i San Salvador gjekk på stadion med det fredfulle namnet Flor Blanca, men blei alt anna enn fredeleg. Tvert imot. Salvadoranarane brukte kampen som ein rein revansje frå veka før, og alt kom heilt ut av kontroll. Dei sette fyr på hotellet der Honduras-spelarane budde, og laget måtte flykte til Honduras’ ambassade i byen.

To honduranske tilskodarar blei drepne i timane før avspark. Honduras' flagg på stadion blei røska ned, i staden blei dei heist eit fillete teppe på flaggstonga.

Honduras-spelarane blei frakta til stadion i panserbilar, og hæren omringa stadion, væpna med maskinpistolar for å hindre uro.

Marco Antoniuo Mendoza

KAPTEIN: Marco Antonio Mendoza er i dag advokat heime i Honduras. For 50 år sidan var han kaptein på laget som tapte den lagnadstunge kampen, med det laget han viser bilete av

Foto: Orlando Sierra / AFP

– Takk og lov for at vi tapte

El Salvador vann klart 3–0. Honduras greidde ikkje å ha fokus på kampen.

– Vi konsentrerte oss om å kome gjennom den og heim igjen i live. Takk og lov for at vi tapte, sa Honduras’ landslagssjef Mario Griffin.

– Hadde vi vunne, er eg redd vi hadde blitt drepne.

Det var gatekampar i byen heile natta. Fleire menneske blei drepne, og sjukehusa melde om ein trafikk dei aldri hadde sett maken til. Rundt 150 honduranske bilar blei sette i brann.

Det blir rekna som eit lite under at Honduras-spelarane kom seg ut av stadion uskadd. Dei blei frakta rett til grensa i militære pansra bilar.

I Honduras blei salvadoranske butikkar vandalisert. Grensa mellom landa vart stengd like etterpå.

Honduras-media rapporterte om enorme blodbad og gisseltaking – meldingar som seinare har vist seg mildt sagt overdrivne, men som der og då fyrte skikkeleg opp under fiendskapen.

Men verken fotballkampane eller bråket mellom dei to landa var over. Tvert imot.

Presidenten kravde siger

Mauricio "Pipi" Rodriguez

KRIG: – Det var ikkje målet mitt som var årsak til krigen. Den hadde kome uansett, seier målscorar Rodriguez

Foto: Marvin Recinos / AFP

Med ein siger til kvar måtte det omkamp til. FIFA hadde lagt kampen til metropolen Mexico by 26. juni. I dagane før hadde konflikten, mediekrigen og politisk fiendskap nådd nye høgder.

Allereie før den avgjerande kampen var det sannsynleg at det skulle gå mot krig. Nasjonalforsamlinga i El Salvador vedtok nokre dagar før ei erklæring der dei beklaga at Honduras truleg ville slå tilbake «som eit resultat av dei siste fotballandskampane».

Presidenten i El Salvador, Fidel Sanchez Hernandez, blei utsett for så sterkt press frå dei mektigaste salvadoranske landeigarane om at han frykta å bli avsett i eit kupp dersom han ikkje gjekk til angrep på nabolandet.

Dagen før avreise til Mexico kalla presidenten landslagssjef Gregorio Bundio inn på kontoret: – De må vinne, for dette gjeld vår nasjonale ære, var beskjeden.

«Tenemos que ganar»

Det var uavgjort etter 90 minutt.

– Men i den korte pausen før ekstraomgangane minte vi kvarandre på kva Honduras hadde gjort med våre landsmenn, og kva presidenten hadde sagt, sa El Salvadors Mario Monge. – Vi gjentok til kvarandre fleire gonger «tenemos que ganar» vi MÅ vinne.

Det gjorde dei. Elmer Acevedos crossball gjekk forbi Honduras' bakarste forsvarsspelar, som ikkje visste at han hadde Mauricio «Pipo» Rodriguez rett bak seg. «Pipo» sklei ballen inn på den regnvåte bana, til det som skulle bli sigersmålet.

Den kvelden kokte det over i høljeregnet i den meksikanske hovudstaden. Minutt etter kampslutt kutta begge land alle diplomatiske samband med kvarandre. Tilreisande fans barka saman i gatene, flagg blei brende, og 5000 mann frå opprørspolitiet hadde hendene fulle.

– El Salvador vann fotballkrigen 3-2, skreiv det amerikanske nyheitsbyrået UPI dagen etter kampen. Utan å vite at dei samstundes sette namn på krigen som enno var to veker unna.

Tusenvis drepne på 100 timar

Honduras' landslag

TAPTE: Slik såg Honduras' landslag ut før den avgjerande kampen

Foto: Str / AFP

Politikarane i Honduras let seg rive med etter det bitre nederlaget. I løpet av dei to neste vekene måtte nærmare 12.000 salvadoranarar flykte tilbake til sitt opphavlege heimland.

14. juli hadde styresmaktene i El Salvador fått nok. Utpå ettermiddagen sende dei fly og bakkestyrkar på 15.000 soldatar inn i Honduras i retning hovudstaden Tegucigalpa. Dei salvadoranske bakkestyrkane var overlegne og knuste til å byrje med all motstand.

Men Honduras tok det igjen i luftstyrke, og to dagar seinare greidde dei å stanse fienden som nesten var framme ved hovudstaden.

Alt gjekk veldig fort, og det blir fortalt at mange av dei involverte ikkje eingong visste kvifor dei kriga.

– Vi visste absolutt ingenting, vi fekk berre beskjed om å gå ut og slåst for vår nasjonale suverenitet, sa soldat Juan Luis Gutierrez.

Utpå kvelden 18. juli – etter nokså nøyaktig 100 timar – var kamphandlingane over. Då greidde organisasjonen av amerikanske statar (OAS) å forhandle fram ein våpenkvile, og kamphandlingane blei ikkje tekne opp att.

Men først i 1980 – 11 år etterpå – blei den formelle fredsavtalen underskriven. Og ikkje før i 1992 tok landa opp igjen det diplomatiske sambandet.

Fleire tusen menneske mista livet. Dei fleste var sivile i Honduras, ettersom det meste av krigshandlingane gjekk føre seg der. Over 50.000 måtte flykte frå heimane sine, mange av dei miste alt dei hadde. Alt det i løpet av berre 100 timar.

Vennskap mellom spelarane

Men spelarane – dei som burde vore i sentrum – let seg ikkje rive med av spetakkelet.

– Vi respekterte kvarandre, sa El Salvadors kaptein Salvador Mariona til Planet Futbol mange år etterpå.

– Til og med i dag har dei av oss som framleis lever, eit sterkt vennskap.

– Eg trur vi blei brukt. Regjeringa vår brukte oss som si røyst, og det same skjedde i Honduras, sa sigersmålscorar Rodriguez. – Hadde vi tapt, hadde det vore noko som hadde følgt oss resten av livet.

– Det var ikkje målet mitt som var årsak til krigen. Den hadde kome uansett, seier Rodriguez ifølgje BBC,

PS: El Salvador slo Haiti i dei avgjerande kvalifiseringskampane og kom til sitt første VM året etter. Alle kampane deira gjekk på Azteka stadion, og med 90-100.000 på tribunane. Men for El Salvador blei det verken mål eller poeng.

I do not, of course, suggest that sport is one of the main causes of international rivalry; big-scale sport is itself, I think, merely another effect of the causes that have produced nationalism. Still, you do make things worse by sending forth a team of eleven men, labelled as national champions, to do battle against some rival team, and allowing it to be felt on all sides that whichever nation is defeated will ‘lose face’.

George Orwell, forfattar / The Sporting Spirit, 1945

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal