Hopp til innhold

Fotballen har markert kraftig mot Qatar – men fleire langrennsprofilar er tause om Kina-kritikk

SOGNEFJELLET (NRK): Medan Ståle Solbakken og fotballandslaget fleire gonger har vore kritiske til forholda Qatar, var det ikkje mange langrennsløparar som hadde noko forhold til situasjonen i Kina berre ni månader før OL.

Iversen, Weng og Fossesholm

DEN FØRSTE SAMLINGA til SESONGEN: For Heidi Weng og Helene Marie Fossesholm og Emil Iversen, her avbilda på Sognefjellet den første veka i juni.

Foto: NTB Scanpix

Det vart klart etter ei rekkje intervju NRK gjorde med landslagsløparane under ein mediedag på solfylte Sognefjellet torsdag.

Sjølv om det er godt under eitt år til dei reiser til Kina, eit land og regime som er sterkt kritisert for ei rekkje brot på menneskerettar.

Amnesty forventar likevel at langrennsmiljøet har ei meining om at dei skal gå renn i nettopp det landet.

Førebels er det ikkje mange av dei.

Landslagssamling for langrenn damer

LANGRENNSSJEF: Espen Bjervig, her avbilda under ei samling sist sesong.

Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

– Eg jobbar med idrett og kjenner overflatisk til situasjonen i Kina. Og før eg kan ta stilling til det må eg få meir kunnskap, seier langrennssjef Espen Bjervig til NRK.

– Jobben min er å få utøvarar til å prestere best mogleg og viss det er ting som ikkje er bra der vi skal konkurrere, så må vi setje oss grundig inn i det. Vi har byrja og held fram etter sommaren, seier han og viser til eit informasjonsmøte dei har hatt med Olympiatoppen.

– Eg er langrennsløpar, ikkje politikar

Heidi Weng svarer slik:

– Eg er langrennsløpar, akkurat no har eg fokus på å trene. Så har vi hatt møte, så blir det fleire utover. Eg trur eg skal ha fokus på treninga mi akkurat no, seier Heidi Weng.

– Så du er ikkje klar over det som skjer i Kina?

– Jo, men eg er langrennsløpar, ikkje politikar og treng ikkje meine noko om alt. Så er det Olympiatoppen som styrer det der, seier ho.

_p2CgCFwVCw

TAUS OM KINA: Heidi Weng, her under samling på Sognefjellet denne veka.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Ville ikkje kommentere eller belyse Kina-spørsmål

Helene Marie Fossesholm viser til møtet med Olympiatoppen ho òg. Junioren legg til at ho ikkje har ytterlegare kommentarar.

På spørsmål om ho vil stille seg bak ei markering mot OL i Kina, svarer ho slik:

– Det har eg ikkje tenkt å utdjupe eller belyse akkurat her og no.

– Kvifor ikkje?

– Eg ønskjer ikkje uttale meg her og no. Sjølvsagt, menneskerettar er utruleg viktig. Men eg har ikkje lyst til å stå og diskutere det.

Emil Iversen beklagar at han er svak på kva som skjer i Kina, men rosar fotballandslaget.

– Eg synest det er tøft at dei stiller såpass opp. Det hyllar eg og det er tøft. Det utfordrar idrettsutøvarar til å ta politiske standpunkt. Det har kanskje ikkje vi vore så flinke til, og det har ikkje eg heller. Eg synest det er stort at dei gjer det.

Mj03Wt36

DROG FELTET: Emil Iversen under treningsøkt på Sognefjellet torsdag.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Vi kjenner til situasjonen

På spørsmål om ikkje langrennssjef Bjervig som toppleiar veit noko om situasjonen mange kinesarar lever under, og om han synest at det er greitt at OL blir arrangert der, svarer han slik:

– Som eg sa, vi driv med idrett. Vi set oss så godt vi kan inn i situasjonen og skal gjere ein jobb rundt det der, og held fram med det etter sommaren. Per dags dato kjenner vi til situasjonen. Det er eit OL som skal gjennomførast, og det er fleire enn norsk langrenn som skal gå der.

gcLEV1Pp

LANGRENNSSJEF: Espen Bjervig, her under samlinga til landslaga på Sognefjellet denne veka.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– «Sportsvasking» fungerer ikkje

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty. Han og organisasjonen har vore tett på det norske fotballandslaget dei siste månadene i samband med både markeringar og kritiske meiningar om menneskerettsbrota i Qatar, som er VM-arrangør i 2022.

Han skulle gjerne sett noko liknande frå vinteridretten som førebur seg til leikane i Kina. Ein meisterskap som i tid kjem før fotballmeisterskapen.

Amnestys ambisjon i samband med OL i Beijing handlar ikkje om boikott, men fortelje den historia om Kina som kinesarane sjølv ikkje har lyst til å seie noko om. Rett og slett for å fortelje Kina at «sportsvasking» ikkje fungerer som dei ønskjer.

– Ekstremt brutalt

Egenæs

KLAR TALE: Frå John Peder Egenæs, her avbilda ved eit høve i 2019.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Egenæs fortel at OL-vertskapet for neste år bryt menneskerettane på mange område, men han trekkjer særleg fram behandlinga av den muslimske minoriteten uigurane, som blir prøvde «omskolert til å bli gode kinesarar». Historiene om behandlinga av dei har vore kjende i mange år.

I dag sit over éin million uigurar sit i omskoleringsleirar i Xinjiang-regionen.

Ifølgje Amnesty-toppen har den kinesiske presidenten definert uigurane for å ha ein for tung muslimsk identitet.

– Og han hevdar dette vil føre til både terrorisme, at dei ønskjer å bryte ut av Kina og derfor skal ein slå hardt ned på det. Folk blir internert fordi dei har for langt skjegg, eller fordi dei kler seg for muslimsk, eller fordi dei for ofte er i moskeen.

Han legg til at det handlar om å tvinge dei til å bli meir som kinesarar i Beijing og andre stader.

– Det er ekstremt brutalt. Eg kan ikkje anna enn å omtale det som eitt av dei – i alle fall i omfang – verste menneskerettsbrota akkurat no.

Har forventningar til langrennsmiljøet

Egenæs vil ikkje påleggje norske langrennsutøvarar- eller leiarar noka ytringsplikt i saka.

– Men det ville vore veldig rart, sett i lys av fotballen, om det ikkje var nokon utøvarar eller leiarar som kjende eit behov for å vere kritiske til menneskerettsbrot i Kina. Eg forventar ikkje det person for person, men eg forventar at ein har folk i langrennsmiljøet som seier at «veit du kva, eg synest det er plagsamt at vi skal gå langrenn i eit land som internerer éin million menneske utan grunn».

Han held fram:

– Som sperrar inne advokatar som forsvarer klientar som har brukt ytringsfridommen sin, som sperrar inne journalistar som skriv kritisk om korleis kinesiske styresmakter reagerte på covid-19 og så vidare. Det ville overraske meg viss ingen gjekk ut med det.

– Forbundet må ta standpunkt

Johannes Høsflot Klæbo tok allereie for to månader sidan til orde for at landslaget måtte vurdere å markere mot OL i Beijing. Han gjentek den same bodskapen i dag og kallar saka for svært viktig.

Langrennsløper Johannes Høsflot Klæbo i skisporet.

KLAR FOR NY SESONG: Johannes Høsflot Klæbo, her under samlinga til landslaget på Sognefjellet.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Kan Ski-Noreg vere først ute i markering mot regimet i Kina?

– Ja, absolutt. Det må vi setje oss ned og sjå på. Då med Skiforbundet i spissen som må ta eit standpunkt på det, seier Klæbo til NRK, som også får støtte av lagkompis Sindre Bjørnestad Skar.

– Viss Noreg som nasjon meiner at dette ikkje er bra, så må vi gjere noko med det. Dette er sikkert noko vi får meir info og innsikt i det neste halvåret. Eg har ei viss oversikt, men eg er ikkje Kina-korrespondent enno, seier han.

– Trist at det skal vere så ille

Dei to langrennsløparane som hadde noko som likna ei meining om det som skjer i Kina, var tvillingane Lotta og Tiril Udnes Weng. Lotta Udnes Weng svarer slik på kva ho tenkjer om å reise til eit land med slike menneskerettsbrot:

0cgF8llX

HADDE MEININGAR: Tiril og Lotta Udnes Weng, her under samling på Sognefjellet denne veka.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Akkurat det der er rart å tenkje på. Det er så uverkeleg samanlikna med korleis vi har det her. Men eg har ikkje tenkt så mykje før dei siste vekene på at det er Kina vi faktisk skal til. Det er noko ein må ta stilling til, seier ho.

Ho har likevel ingen klar idé om kva dei kan gjere for å markere.

– Men det er trist at det skal vere så ille borti der, seier ho.

– Eit tilbakelagt stadium

Ståle Solbakken har i samband med kritikken av Qatar-VM slått fast at idrett og politikk heng saman. Han har òg etterlyst støtte frå andre i norsk idrett i samband med Beijing-OL i 2022.

Når NRK spør Amnesty Noregs generalsekretær om han blir skuffa dersom han får høyre utøvarar og leiarar vise til at dei er berre nettopp det og berre vil ha fokus på sport og trening, svarer Egenæs slik:

– Ja. Eg trur det er eit tilbakelagt stadium.

– Det er ikkje idretten som vel det, men statane som kjøper opp klubbane og kjøper meisterskap, som gjer idretten politisk og bruker den politisk. Utøvarane kan ikkje late som det ikkje skjer. Idretten er i høgaste grad politisk, om han blir utøvd i Kina, Qatar eller mange andre stader.

Innhentar informasjon

Når NRK spør langrennssjef Bjervig om Noreg kunne tenkje seg å markere slik landslaget i fotball har gjort, gjentek han svaret sitt som før:

– Som sagt, så har vi hatt eit møte no, fått litt meir informasjon og opplysningar, og sett oss inn i situasjonen. Så skal vi jobbe vidare med dette etter sommaren. Vi har ikkje vurdert det eine eller andre. Dette er ein situasjon vi må lære meir om og setje oss inn i.

Amnesty kallar brota på menneskerettane i Kina for brutale. Generalsekretæren meiner det ville vore rart om ikkje skileiarar eller utøvarar føler for å vere kritiske til det som skjer der ...?

– No veit eg jo at Noreg har kontakt med Kina på mange flater. Det er ikkje sånn at Noreg har stengt dørene til Kina. Det er ei sak som ligg der og vi må få kunnskap om og ta stilling til, Men førebels driv vi informasjonsinnhenting. Noko meir kan eg ikkje seie no, seier Bjervig.

k2npsu7n

ALLROUNDTRENAR: Eirik Myhr Nossum, her under første samling på Sognefjellet denne veka.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Allroundtrenar Eirik Myhr Nossum fekk same spørsmål.

– Eg er veldig glad for at vi tek tak for å få meir informasjon, slik at vi kan ta eit standpunkt. Det er bra, for når vi dreg så har vi teke eit standpunkt for kva vi seier og gjer i det offentlege rommet, seier han.

– Det må vere lov å meine harde ting og det må vere lov å ikkje ta eit standpunkt. Mange er skrudde inn på OL og vel kanskje å avstå frå å kommentere. Det må vere lov.

Siste nytt

  • Sabalenkas kjæreste bekreftet død: – Må han hvile i fred

    Den tidligere NHL-spilleren Konstantin Koltsov har gått bort. Det bekreftes av det belarusiske ishockeyforbundet.

    Koltsov var også kjæresten til verdenstoer i tennis, Aryna Sabalenka.

    I en kort uttalelse skrev forbundet at Koltsov «døde plutselig», uten å si hvordan eller hvor han gikk bort.

    «Vi er i sorg. Det belarusiske hockeyforbundet uttrykker sin dypeste medfølelse til familien, venner og alle som kjente og jobbet med Konstantin», heter det i uttalelsen.

    Koltsov spilte tre sesonger i NHL med klubben Pittsburgh Penguins, samt i to OL med det belarusiske landslaget.

    I tillegg til sin spillerkarriere, var Koltsov også trener for KHL-klubben Salavat Yulayev Ufa og det belarusiske landslaget.

    «Han var en sterk og positiv person, han var elsket og respektert av spillere, kolleger og supportere. Må han hvile i fred,» skriver Salavat Julajev Ufa i en uttalelse.

    Konstantin Koltsov ble 42 år gammel.

    Aryna Sabalenka
    Foto: AP
  • Messi-fans får 50 prosent refusjon etter Hongkong-fiaskoen

    Fans som kjøpte billetter for å se Lionel Messi i Hongkong får tilbakebetalt 50 prosent av billettprisen etter at argentineren mistet treningskampen.

    Det er riktignok kun så lenge de ikke iverksetter rettslige skritt mot arrangøren.

    Et utsolgt stadion betalte fra 880 Hongkong-dollar (1200 norske kroner) for å se den åttedobbelte gullballvinneren i aksjon 4. februar. Da ble det spilt en treningskampen mellom Inter Miami mot en utvalgt Hongkong XI.

    Reaksjonene var sterke da Messi ble sittende på benken gjennom hele kampen på grunn av en skade.

    Det ble ikke bedre da han tre dager senere spilte en halvtime da laget hans møtte japanske Vissel Kobe i Tokyo. Da kom anklagene om at Messis «no show» i Hongkong var rettet mot Kina.

    Arrangør Tatler Asia tilbød mandag 50 prosent refusjon for «de som kjøpte billetter gjennom offisielle kanaler til kampen».

    De som vil ha noen av pengene tilbake, må godta vilkår og betingelser som inkluderer at de ikke kan ta rettslige skritt mot arrangøren.

    Messi på benken under kampen i Hongkong
    Foto: AFP
  • Curling-VM: Norsk storseier over Tyrkia

    De norske curlingkvinnene slo knallhardt tilbake etter to strake tap og knuste Tyrkia 11-5 i curling-VM i Canada.

    Skip Marianne Rørvik fronter det norske VM-laget sammen med Kristin Skaslien, Mille Haslev Nordbye og Martine Rønning.

    Etter fem VM-kamper står de med to seiere og tre tap. Det gjør at Norge ligger på en delt 6.-plass. Sveits topper tabellen med fem av fem seire.

    Senere tirsdag venter det nok en kamp mot storfavoritt Sveits.

    Curling VM Norge
    Foto: Darren Calabrese / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal