NRK Meny
Normal

Raude Zlatan

Zlatan Ibrahimovic er ikkje berre ein av dei beste fotballspelarane i verda. Han er også ein av dei som oftast har fått sjå det raude kortet dei ti siste åra.

Zlatan Ibrahimovic

RAUDE ZLATAN: Sju gonger dei ti siste åra har Zlatan Ibrahimovic fått det raude kortet

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Han er på fjerdeplass av dei mest utviste spelarar dei ti siste åra.

I tillegg er han no utestengd etter eit utbrot mot dommaren i PSGs kamp mot Bordeaux 15. mars.

– Jævla idiot. Eg har aldri sett ein slik dommar i dette dritlandet. Dette landet fortener ikkje PSG, sa svensken.

Sergio Ramos

RÅTASS: Sergio Ramos topper listen.

Foto: QUIQUE GARCIA / Afp

Utbrotet kosta han streng straff .

Ramos på topp

SVT og Infostrada har gått gjennom statistikkane i dei fem største ligaene (England, Frankrike, Spania, Italia og Tyskland) for dei ti siste åra, frå og med sesongen 2005/2006. Også meisterligaen og Europaligaen er rekna med.

Zlatan har fått 11 raude kort i denne perioden, og har berre tre namn framfor seg på lista.

Av dei 11 korta er sju direkte raudt, fire gonger har han blitt utvist etter tre gule kort.

Real Madrids Sergio Ramos toppar lista med 17 utvisingar.

Eneste offensive spiller

Men det er verdt å merke seg at Zlatan er den einaste offensive spelaren på lista over topp sju.

Zlatan får ikkje spele meir i Frankrike før ligakampen mot Guingamp 9. mai. Ettersom han også fekk raudt kort i meisterligakampen mot Chelsea, får han heller ikkje med seg første kvartfinalekamp mot Barcelona i neste veke.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.