NRK Meny
Normal

Tidenes toppscorar avslutta i natt: – Takk, Abby

Ha har scora fleire landslagsmål enn nokon annan, menn så vel som kvinner. Men i natt var det slutt.

Abby Wambachs avskjed

TAKK FOR INNSATSEN: 35.000 på tribunene viste å setje pris på Abby Wambachs avskjed i New orleans i natt

Foto: Derick E. Hingle / Reuters

– Det er på tide å gi seg no, sa ho etter at ho gjekk av bana til ståande applaus frå nesten 35.000 tilskodarar etter 71 minutt av kampen mot Kina i New Orleans i natt.

– Eg elskar dette laget. Det har vore ei glede og ei ære å få representere dykk alle så lenge, sa ho til fansen.

Før ho gjekk til benken og gav alle ein klem.

Abby Wambach (35) har scora 184 mål på sine 255 landskampar. Til samanlikning har Irans Ali Daei rekorden for menn med 109 mål på 149 landskampar.

I kampen i natt gjorde lagvenninnene heile tida forsøk på å spele henne fram til scoringsposisjon i håp om at veteranen skulle avslutte landskampkarrieren med endå eit mål.

Første heimetap på 105 kampar

Abby Wambach

SLUTT: - Abby Wambach er uerstatteleg, meiner landslagssjefen

Foto: Stacy Revere / Afp

Det lykkast ikkje. Kina vann 1-0, og påførte faktisk USA sitt første heimetap sidan 2004. Det er 105 kampar sidan.

– At alle prøvde å få meg til å score, var nok ei årsak til det, sa ho. – Vi spela ikkje som eit lag, slik vi brukar å gjere. Men i dag var det avskjed, resultatet betydde ikkje så mykje.

Wambach debuterte for det amerikanske landslaget i 2001, og har sikra seg to OL-gull med laget. I 2012 vart ho kåra til årets spelar av FIFA.

Ho har også utmerka seg med direkte og kontroversielle meiningar. Ho fronta spelarane som før VM tidlegare i år kravde naturgras i VM i Canada. Men ho tapte, og meisterskapet vart det første på kunstgras.

Og så seint som før kampen i natt gjekk ho ut og sa at USAs landslagstrenar for menn, Jürgen Klinsmann, burde får sparken fordi han brukra så mange spelarar som ikkje er fødde og oppvaksne i USA.

No I or individual is better than the team. I've scored no goals just on my own. Every goal I've ever scored has been because of someone else on my team, their excellence, their bravery. And I'm kind of the end product of a collection of a really good vibe, and feeling, and creativity on the field.

Abby Wambach, amerikansk fotballspelar, til ESPN i 2013

Men no er det slutt. Ho har ikkje late seg overtale til å halde fram eit år til, i håp om sitt tredje OL-gull i Brasil til sommaren.

Landslagssjef Jill Ellis er klar:

– Abby er uerstatteleg.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia