Organisasjonen av supportarane til dei 20 klubbane, FSF, skal denne veka diskutere aksjonar i protest mot dei høge og stadig aukande billettprisane.
Ein «walkout» frå alle kampane i ein gitt serierunde kan vere eit alternativ.
Sist laurdag oppfordra Liverpools supporterklubb sine medlemmer til å gå frå Anfield i det 77. minutt i kampen mot Sunderland, og rundt 10.000 tilskodarar følgde oppfordringa.
Det er dette eksempelet FSF vurderer å følgje, skriv avisa The Telegraph i dag.
– Vi vil kalle alle supporterklubbane for PL-klubbar inn til møte for å diskutere vårt neste steg, seier FSF-leiar Kevin Miles til avisa.
– Ambisiøst mål
– Vi har fleire måtar vi kan aksjonere på, og Liverpool-aksjonen sette søkelys på problemet på ein slik måte at klubbane blir nøydde til å lytte, seier Miles.
Han vedgår at å få dette til på alle 10 banene i ein gitt serierunde likevel kan vise seg å vere eit vel ambisiøst mål.
– Kanskje kan ei anna løysing vere å prøve å presse sponsorane. Dei kan vere meir sensitive for folks meiningar enn klubbeigarane synest å vere, seier han. Liverpool-fansen har allereie begynt å involvere fastfood-kjeda Subway i kampen mot billettprisane.
Liverpools protest bygde på at prisen på dei dyraste billettane neste sesong blir auka frå 59 til 77 pund. Klubbdirektør Ian Ayre synest ikkje synd på fansen for det.
– Ingen blir prisa ut av stadion. Der er eit sete for alle til den rette prisen, seier Ayre til BBC. Neste sesongstart er truleg Anfield-utbygginga ferdig, og kapasiteten auka frå 45.500 til nesten 59.000 tilskodarar.
Liverpool langt frå dyrast
Og Liverpool er langtfrå klubben med dei dyraste billettane. Arsenals dyraste kostar allereie no 97 pund.
I førre veke sa aksjonærane i PL-klubbane nei til å innføre eit tak på 30 pund for billettane til bortefansen. Klubbane frå london og Manchester sa alle nei til forslaget.
– Ikkje billegare med ny tv-avtale
Neste sesong tek ei ny og endå meir lukrativ tv-avtale til å gjelde for Premier League. Men Arsenal-manager Arsene Wenger er sikker på at det ikkje kjem til å gjere billettane billigare.
– Klubbane treng dei ekstra pengane til spelarkjøp og lønningar. Prisen på dei vil halde fram med å auke, og då har vi ikkje råd til å senke billettprisane, seier Wenger til BBC.
Liverpools tidlegare manager Roy Evans har ei anna haldning.
– Spelerane har latterleg høge lønningar, men det må vi leve med. Men vi kan ikkje leve med å velte rekninga over på fansen, seier han til Daily Mail.