Dei fann fisk, smør og skinke som dei definerte som helsefarleg og ikkje tilrådeleg å ete.
På Portobello Hotel i Mangaratiba i utkanten av Rio beslagla tilsynet over 50 kilo mat som var utgått på dato eller på andre måtar rekna som ikkje-etande. Det er på dette hotellet Italia skal bu under VM.
Også på Hotel Royal Tulip, Englands hovudkvarter, kom mattilsynet over mykje mat som dei ikkje godkjende.
Totalt vart maten i 13 restaurantar, supermarknader, bakeri, butikkar og hotell undersøkt. Åtte av dei fekk merknader.
– Totalt beslagla vi 218 kilo mat som ikkje kan etast, seier mattilsynet i ein kommentar.
Det største beslaget var på Italias hotell. 25 kilo sjømat og margarin hadde gått ut på dato, og like mykje kjøt, sausar, ost og sukker hadde ikkje datostempling i det heile.
Har niste med
Det italienske laget set liten pris på at hotellet deira er avslørt, men tek det heile elles med stor ro. Dei har nemleg sjølv med seg mat uansett.
– Vi har med oss både godt kontrollert mat og personell som kan å handtere maten, så det er ikkje noko problem for oss. Men det er litt ubehageleg likevel, seier lagets lege Enrico Castelecci.
Den italienske troppen skal ha med seg ein bagasje på over 20 ton, inkludert mat.
Frå Englands hotell vart det beslaglagt ein del laks, parmaskinke og smør.
Også hotellet der Nederland skal bu, var med i undersøkinga. Men der fann inspektørane alt i orden.
Undersøkinga er ein del av jobben med å beskytte forbrukarane under VM, som går frå 12. juni til 13. juli.
Både Italias og Englands hotell fekk også åtvaringar for ikkje å ha kondom tilgjengelege på romma. Det krev nemleg brasiliansk lov.