– Eg trur ikkje FIFA har juridisk rett til berre å seie at «då flytter vi VM til vinteren», sa direktør Christian Seifert i London onsdag. Han er i den britiske hovudstaden i samband med den heiltyske meisterliga-finalen mellom Borussia Dortmund og Bayern München laurdag.
Han slo fast at det på grunn av heten er umogeleg å legge VM i Qatar til sommaren. Og det er skaper svært store vanskar for ligafotballen om VM går om vinteren.
– Tildelinga av VM til Qatar er ikkje godt for fotballen, sa Seifert, som også er visepresident i det tyske fotballforbundet.
50 grader om sommaren
Fotball-VM blir vanlegvis arrangert i juni-juli, når det er fotballferie i dei fleste land. Men på den tida er det umenneskeleg varmt i Qatar, ofte opp mot 50 grader.
Eit vinter-VM vil truleg gå i januar-februar, og skal vare i fire veker. Det betyr lang pause i det som normalt er kjernetid for alle dei store ligaene. Og det vil ha stor betydning for tidspunkt for start og avslutning på sesongen.
Sjølv om kampane skal spelast på avkjølte innebygde fotballbaner, har det etter kvart reist seg
mot å arrangere VM under slike forhold. VM trekkjer til seg tusenvis av mediefolk og store skarar av fotballfans frå heile verda. Spelarane er heller ikkje på bana heile tida. Og 50 varmegrader kan vere helsefarleg.Kritiserte valet av Qatar
Han kritiserte valet av Qatar som VM-vert.
– Helsa har alltid førsteprioritet. Derfor gjer det meg opprørd at valet av Qatar såg heilt bort frå dette. Når ein tek eit val som er så langt unna perspektivet på sporten at det må vere politisk motivert, sa den tyske fotballdirektøren.
Ved
vart Qatar valt framfor Australia, Japan, Sør-Korea og USA.- Les:
Derfor tar stadig fleire til orde for at VM 2022 blir flytta til vinteren. Men det vil kollidere med ligaspelet.
– Det er umogeleg å gjennomføre VM om sommaren i Qatar. Men det skapar også svært store vanskar å flytte det til vinteren, når ligaene vanlegvis er i full gang, sa Seifert.
Også Blatter på glid mot vinter
Til og med FIFA-president Sepp Blatter er no på glid mot å flytte VM til vinteren, noko han tidlegare var sterkt imot. Han har ikkje direkte gitt uttrykk for det, men sa i forrige veke at det er "ikkje fornuftig" å spele i sommerheten i Qatar.
Men han vil førebels ikkje ta initiativ til flytting. Han vil vente til Qatar eventuelt ber om det sjølv.
– Det er rart at FIFA - ein organisasjon som bestemmer kva som er godt for fotballen - ser heilt bort frå ligaene som er klubbane og fotballen sitt daglege brød og fotballens kjerne. I staden prioriterer dei interessene til landslaga og ei turnering som berre kjem kvart fjerde år, sa Seifert.
– Eg har fått signal frå dei andre store ligaene om at også dei ser med bekymring på eit vinter-VM, sa Seifert.
– Advokatane må vurdere "omkamp"
Han fekk spørsmål om han vil gå inn for ein omkamp om kvar VM i 2022 skal gå.
– Det kan eg ikkje svare på, fordi eg ikkje kjenner reglane godt nok. Advokatane får avgjere om det skal bli ny avrøysting. Men eg er heilt sikker på at land som til dømes England ser ein sjanse til ny avrøysting, så vil dei tvinge den fram, sa Seifert i London.
Seifert fekk umiddelbart støtte frå Premier League. - Vi meiner flytting av VM til vinteren er smekkfullt av problem for europeisk fotball, seier ligaens talsmann Dan Johnson.