NRK Meny
Normal

Ikkje godt nok til Frankrike-EM heller

Med resultata frå den nyss avslutta VM-kvalifiseringa til grunn, hadde ikkje Noreg kome seg til EM i 2016 heller.

Island scorer mot Norge

Her scorar Island mot allereie utslåtte Noreg i VM-kvalik. Med bakgrunn i dei norske resultata i VM-kvaliken, hadde heller ikkje Noreg kome til EM 2016 der nesten 'halve Europa' får plass

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det er uhyre viktig at vi kjem oss til EM no som meisterskapet blir utvida. No fell vi nedover på alle lister, og det betyr at vi heile tida får vanskelegare motstand i kvalifiseringane, seier NRK-veteran Arne Scheie.

Han er som alle andre uroleg over dei dårlege norske landslagsresultata. Ikkje berre missa vi VM i Brasil neste år. Med dei same resultata i EM-kvalifiseringa hadde vi heller ikkje klart å kome til EM i Frankrike heller. Sjølv om det blir utvida til 24 lag, og at halve Europa dermed får vere med.

– Ein katastrofe

– Det er ein katastrofe om han ikkje greier å kome til EM i Frankrike, sa Egil Olsen om sin etterfølgjar Per-Mathias Høgmo då Noreg bytte landslagssjef i slutten av september.

EM i Frankrike om knappe tre år skal ha 24 lag , mot 16 hittil. Frankrike er automatisk kvalifisert som vertsnasjon, men dei andre 23 plassane skal det spelast kvalifisering om.

Det er 10 plassar fleire enn det Europa kjempa om i kvalifiseringa til neste års VM. Med andre ord vil 44 prosent – nesten halvparten – av dei europeiske nasjonane få lov å delta der.

Men ikkje eingong med eit så stort nålauge hadde Noreg klart å kome til EM-sluttspelet. Iallfall ikkje med resultata frå VM-kvaliken som utgangspunkt. Det hadde derimot både Sverige, Danmark og Island, medan Finland hadde fått sjansen gjennom kvalik.

– Det seier seg sjølv at med 24 lag blir det lettare. Eg trur det derfor er viktig at vi møter betre motstand i treningskampane slik at vi får øvd for det som ventar oss når kvaliken tek til. Slik laget er no, trur eg det passar betre til god motstand, seier NRKs fotballekspert Tom Nordlie.

Blåkopi av VM-kvaliken

Kvalifiseringa blir ein blåkopi av VM-kvaliken, det vil seie åtte grupper med seks lag og ei gruppe med fem. Den kan dermed samanliknast nesten direkte med VM-kvalifiseringa.

Dei to beste i kvar gruppe skal gå vidare, saman med det beste av dei tredjeplasserte laga. Dei åtte andre laga som er nummer tre i sine grupper, skal spele playoff om fire plassar.

Noreg er no nummer 24 på UEFA-rankinga . Det betyr at Noreg blir tredjerangert i den trekninga.

UEFAs statistikk byggjer på eit litt anna grunnlag enn FIFA . Der er Noreg nummer 27 av dei europeiske laga.

Desse hadde gått til EM

Basert på VM-kvaliken hadde desse laga vore EM-klare saman med Frankrike:

  • Gruppevinnarar: Belgia, Italia, Tyskland, Nederland, Sveits, Russland, Bosnia, England, Spania
  • Gruppetoarar: Kroatia, Danmark, Sverige, Romania, Island, Portugal, Hellas, Ukraina (og Frankrike, sjå fotnote).
  • Beste gruppetrear: Serbia
  • Til playoff om dei fire siste plassane: Tsjekkia, Austerrike, Ungarn, Slovenia, Israel, Slovakia, Montenegro, Finland.

Fotnote: Frankrike vart gruppetoar i VM-kvaliken, men deltek ikkje i EM-kvaliken, i og med at dei er automatisk kvalifisert som arrangør. Om vi for samanlikningas skuld trekkjer ut Frankrike og erstattar dei med nest beste trear, vil Austerrike "rykkje opp" til EM-sluttspelet. Tyrkia er beste fjerdeplasserte laget og vil "rykkje opp" til playoff.

Noreg langt unna

Men hovudpoenget er likevel at Noreg ikkje når opp. Noreg vart nummer fire i si gruppe i VM-kvalifiseringa, med berre sjette beste statistikk blant gruppefirarane.

Det betyr at når VM-gruppene skal trekkjast, får vi ein av toppnasjonane i Europa. Hellas er det lågast rangerte av topplaga. På seedingsnivå to er lag som Sverige, Danmark, Sveits og Belgia mogelege motstandarar. Og frå nivå nummer fire kan vi få lag som Armenia, Polen, Skottland og Bulgaria.

Frå seedingsnivå fem kan vi få Island eller Albania. Det er lag vi hadde dårlege erfaringar med i VM-kvalifiseringa.

I ei slik gruppe må Noreg bli minst nummer tre for å kome til EM i Frankrike.

Formatet i kvalifiseringa blir offisielt slått fast av UEFA i desember, og kvalifiseringsgruppene skal trekkjast 23. februar.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.