Sjå tidenes oppgjer mellom Viking og Start – med straffedrama i Haugesund

I kveld skal Viking møte Start. Det blir heilt sikkert ikkje like dramatisk som duellen for nesten 27 år sidan. Og då møttest dei ikkje eingong.

Sjå video frå 1988 – då denne utrulege episoden på overtid sende Viking FK opp til eliteserien.

Sjå opprykksdramaet minutt for minutt, slik det var skildra i Sportsrevyen neste dag

Arve Lote byline
Journalist

Eliteserien 2015 - Sport

Det var eit straffespark i Haugesund som var årsaka til den kanskje tettaste opprykksduellen i norsk toppfotball nokonsinne.

Straffesparket til Viking mot Vard på overtid skulle avgjere liv og død – i betydninga skilanden på opprykk og ikkje opprykk – ein våt og sur vestlandsk haust-ettermiddag i 1988. For dermed sneik Viking seg forbi Start, som stod i Stavanger og allereie hadde sleppt jubelen laus.

Dommar var dagens dommarsjef i NFF, Terje Hauge. Han legg ikkje skjul på at det som hende denne ettermiddagen, var viktig for karrieren hans vidare.

Hauge dømde straffe til Viking etter at Alf Kåre Tveit heada ballen ut av keeperens sikre grep. Linjedommaren hadde heist flagget for frispark mot Viking.

– Vi hadde kvar vår oppfatning av hendinga, og vi diskuterte det nokså lenge. Men eg var sikker på at det var straffe, og det vart vi samde om. Eg forstod etterpå også at det var ei avgjerd som avgjorde opprykket, men det kunne ikkje eg tenke på der og då, sa Hauge til Aftenposten like etter kampen.

– Det var ikkje farleg spel

Hadde Hauge høyrt på linjedommaren, hadde Start rykka opp.

– Men eg såg situasjonen tydeleg, og tolka det slik at det aldri var farleg spel frå Tveits side. Derfor valde eg å ikkje blåse for det, sa Hauge etterpå.

– Og det meiner eg framleis den dag i dag. Eg visste kva reglane sa, seier han til NRK.

Terje Hauge

Terje Hauge - ung og urutinert dommar i 1988, norsk dommarsjef i dag

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Han var 23 år og fersk som toppdommar den gongen. Ung og urutinert, ifølgje det han sa til NRK mange år etterpå.

– I praksis hadde alle dei eldre og meir rutinerte dommarane blitt samde om å blåse på slike hendingar, og dømme likt for alle, men det var ukjent for meg, sa Hauge.

Men Hauges avgjerd fekk i alle fall konsekvensar. For reglane vart kort tid etterpå skjerpa inn, slik at det skal blåsast dersom keeper har kontroll og held ballen i begge hendene når han blir angripen.

Hadde den regelen eksistert denne oktoberlaurdagen, hadde opprykksduellen fått eit anna utfall.

– Blir ekstra tjukkhuda av slikt

I dag er Hauge dommaransvarleg i Norges Fotballforbund, det betyr sjef for alle norske fotballdommarar.

– Det som skjedde i Haugesund den dagen, har nok hatt betydning for min karriere, seier Hauge til NRK i dag, nærmare 27 år etterpå. – Går du gjennom noko slikt, blir du tjukkhuda og toler det meste, seier han.

For det var ikkje rett etter kampen han først og fremst fekk merke dei sterke kjenslene av straffe-avgjerda. Men dei nærmaste dagane forstod han det.

– Eg var midtpunktet i NRK og dei store avisene i fleire dagar, og det var i ei tid då mediemerksemda var lita, samanlikna med i dag. Det var ikkje eingong kamera på alle kampane, og det var berre unntaksvis at dommarane fekk merksemd. Derfor var dette voldsomt for ein ung og urutinert dommar som meg, seier Hauge.

I Stavanger og i Kristiansand blei han i lang tid stadig mint om kampen – reaksjonar med heilt ulike forteikn.

– Den dag i dag meiner eg denne kampen er den tøffaste eg var borti i min karriere, seier Hauge.

Karrieren som aktiv dommar varte til 2010. Og den omfatta mellom anna meisterligafinalen mellom Barcelona og Arsenal i 2006 – ikkje utan kontroversar den heller.

«Snakkis» i lang tid

Dramaet, skildra minutt for minutt i Sportsrevyen dagen etter, vart den store snakkisen i dagane etterpå. Spesielt straffesparket som avgjorde det heile. Fleire av dommarane antyda i større eller mindre grad at dei var usamde med Terje Hauge. Og i avsisspaltene lufta lesarane sterke meiningar.

Viking gjekk frå mørkaste helvete til sjuande himmel i løpet av eitt spark. På vegen møtte dei Start i motsett retning.

For då Starts siste kamp for året var slutt, var dei klare for eliteserien. Det var alle overtydde om. Berre stadfestinga av resultatet frå Vikings kamp – som gjekk samstundes – gjenstod. Ein formalitet, fordi Viking låg under 2-1 i ein kamp dei måtte vinne. Gledestårene rann.

Og så scora Viking to gonger og stal opprykket. Gledestårene til Start fekk brått eit sørgjeleg og blytungt innhald.

Søkkvått dobbeldrama i Rogaland

Året var altså 1988 og ettingen før siste runde var at dei to erkerivalane frå Sørlandet og Sørvestlandet heldt til i 2. divisjon – nivå to på den tida, og ein divisjon som var delt i to avdelingar. Derfor gav berre førsteplassen direkte opprykk.

Start og Viking kjempa side om side i teten. Eitt poeng skilde i Vikings favør, sjølv om Start hadde vunne 4-1 i Stavanger tidlegare på hausten.

Start skulle spele i Stavanger – ikkje mot Viking, men mot Vidar. Viking – som hadde tapt 3-0 for byrivalen helga før – reiste nokre kilometer nordover til Vard i Haugesund.

Det skulle bli eit drama utan sidestykke denne søkkvåte vestlandske oktoberlaurdagen. 12 mål på to kampar, begge favorittane vann etter å ha lege to mål bak, i tillegg til åtte tilleggsminutt og kontroversiell straffe i sluttsekunda.

To mål på tre overtidsminutt

Benny Lennartsson

Benny Lennartsson var Viking-trenar denne dagen. - Eg har aldri opplevd nomko likande som dette, sa den rutinerte trenaren

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Eg har opplevd mykje på fotballbana, men ikkje noko i nærleiken av dette, sa Viking-trenar Benny Lennartsson.

Då hadde han sett sitt eige lag ligge under med 2-0 mot Vard, og 2-1 gjennom heile andre omgang. Og han hadde høyrt om Starts utrulege snuoperasjon i Stavanger, der dei snudde 1-3 til 4-3 i andre omgang.

Kampen var slutt i Stavanger. Viking måtte ha to mål på tre overtidsminutt i Haugesund.

Og fekk det!

Først sende Lennartsson ni mann i angrep. Det resulterte i at Svein Hiim scora, og det stod 2-2. Men det var ikkje nok.

– Få opp ballen, få opp ballen, brølte Lennartsson frå sidelinja.

Det fekk han. Til dei grader. Ti sekund før dei tre tilleggsminutta var ute, skjedde det:

Ballen gjekk heilt inn til Vard-keeper Harald Andreassen, som heldt ballen med begge hendene. Alf Kåre Tveit rusha fram mot Andreassen og heada ballen ut av keeperens hender. Andreassen tok igjen ved å kaste seg i beina på Tveit.

– Tveit gjekk først i kroppen på meg, så heada han meg i armen. Klart frispark mot Viking, sa Andreassen.

– Ufarleg heading frå Tveit, felling frå Andreassens side, meinte dommar Hauge. Og dømde straffe. Han var sikker.

Vikings spelarar og lagleiing gjekk av skaftet.

Matchvinnaren gråtande av bana

Fem ekstreme minutt med banestorming, ville protestar og fullkome kaos tok det frå Terje Hauge dømde straffen til Arild Ravndal kunne stille seg opp ved 11-meteren. Viking-kapteinen visste at dette var hans livs viktigaste spark på ballen, verd mange millionar kroner.

Han dundra til, ikkje velplassert, men knallhardt. Det var godt nok. 3-2 og opprykk.

– På desse overtidsminutta gjekk vi frå helvete til himmelen, sa Ravndal. Han kollapsa etter utladninga, og gjekk gråtande av bana.

I Stavanger, Vikings heimby, var reaksjonen ein annan. Start hadde snudd 1-3 til 4-3 og trudde det var eit mirakel stort nok til opprykk. For Viking låg under 2-1. Det var gulsvart jubel overalt.

At speaker annonserte Viking-utlikning i Haugesund like etter siste fløyteblås i Stavanger, var det få som tok notis av. Kampen var så godt som over uansett.

Matta trudde han hadde avslutta med opprykk

Video Hør intervjue fra 1988 med Svein Mathisen og Karsten johannessen

Slått, men ikkje utslått: Svein 'Matta' Mathisen og trener Karsten Johannessen er legender i Starts historie. Begge var med i opprykksdramaet, og begge var knust etter tapet. Men ikkje lenge, dei reiste seg og vann kvalifiseringa nokre dagar seinar

Foto: Nyhetsspiller

Først då den vesle skaren Viking-supporterar som hadde valt denne kampen i staden for å reise til Haugesund for å sjå favorittlaget, spratt opp med ville hyl, ante Start-leiren at dette hadde enda i katastrofe likevel.

Og så stadfesta speaker straffescoring og sigersmål for Viking. Mørkret senka seg over Start. Det var ein stille og duknakka Sørlands-gjeng som gjekk til bussen etterpå.

For Svein Mathisen svei det ekstra. Start-veteranen sa han ville slutte etter denne sesongen. Han hadde lagt opp til to av måla og trudde han hadde avslutta ein lang og stor karriere med å hjelpe sitt kjære Start tilbake til eliteserien.

Så fall alt i grus. Iallfall der og då.

Han la ikkje opp likevel etter den sesongen. Det gjorde han året etter, etter 327 kampar for Start.

Rykka opp likevel

Men smilet skulle kome raskt tilbake både hos «Matta» og hos resten av Start, som på rekordtid rista vonbrotet av seg og tok kamplysta tilbake.

For trass tapet, låg reservesjansen klar i form av kvalik. To veker seinare hadde dei slått HamKam og Bryne. Det gav opprykk likevel. Og 3-1 over Viking i Stavanger i eliteserien i 1989 kjendest som ein liten revansje.

Sidan serieavslutninga i 1988 har Start og Viking møtt kvarandre 37 gonger i serie og cup. Men ingen av kampane har innehalde like mykje drama som den dagen dei kjempa mot kvarandre på kvar sin kant av Rogaland fylke.

I kveld møtest dei igjen. I Rogaland.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.