– Vi er best i tre firedelar av kampen, og vi skal vinne slike kampar, sa Christian Gytkjær til TV 2 då han gjekk av banen. Han gav Haugesund leiinga i første omgang med sitt 11. seriemål i år, og var litt sint på seg sjølv fordi han ikkje hadde scora på minst ein av dei store sjansane han fekk seinare i kampen.
– Skulle de hatt straffe?
– Ikkje eg, men Kristoffer (Haraldseid) skulle det, sa Gytkjær om episoden like før pause. Haraldseid deiste i bakken, men dommaren var ikkje samd i straffe-kravet. – Og då blei det ikkje straffe, sa Gytkjær.
Haugesund dominerte også det meste av andre omgang, men Viking kom betre med mot slutten. Utlikninga kom då Osita Henry Chikere heada inn ein corner kvarteret før full tid.
Jubilanten frå Stavanger var svært tannlause i angrepsspelet, og dei var heldige som berre låg eitt mål bak ved pause. Men mot slutten av kampen, og spesielt etter utlikninga, var gjestene nærmast siger og ei etterlengta bursdagsgåve.
Viking har dermed framleis tapt berre ein kamp på bortebane denne sesongen. Men ti av 19 seriekampar totalt har enda med uavgjort.