Viking vil bli miljøvinnar i Eliteserien

Stavanger-klubben droppar undervarme for å spare miljøet.

Erik Forgaard

Viking-direktør Erik Forgaard

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

- Vi set heller eit telt over grasmatta på Viking Stadion, slik vi slepp å bruke straum til undervarme. Det seier Erik Forgaard, administrerande direktør i Viking. Kampen for miljøet har høg prioritet i klubben.

I England har fleire store klubbar presentert seg som miljøvenlege. Manchester City produserar sin eigen energi, medan Ipswich har erklært seg CO2-nøytrale. I Norge prøvar Viking å halde følge.

- I år har vi i tillegg oppretta ni nye bussruter for å frakte tilhengarane til stadion, seier Forgaard.

Morgan: - Bør sjekke papiret ein skriv på

Morgan Andersen

Fredrikstad-direktør Morgan Andersen

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Og Fredrikstad Fotballklubb jobbar aktivt med å fremje miljøet. Direktør Morgan Andersen fortel at klubben i dag brukar miljøvenleg energi for å varme opp stadion og anlegg. Men han vedgår at dei kunne ha gjort mykje meir.

- Det kan gå på alt frå kva slags papir vi skriv på og kva slags bilar dei tilsette nyttar. Alle slike ting er verdt å sjå på, seier Andersen.

Slapt på Åråsen

Medan Viking og Fredrikstad har eit medvite forhold til miljøet er situasjonen ein annen i Lillestrøm. Dagleg leiar Frank Grønlund vedgår at klubben ikkje har miljøtiltak øvst på lista.

- Bortsett frå eit røykfritt stadion, er det fint lite vi har gjort for å fremje miljøet, seier Grønlund.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.