NRK Meny
Normal

- Endeleg klarte vi å ta tak i kampen frå start

To tidlege mål gav Vålerenga årets første bortepoeng då Oslo-laget slo Sandnes Ulf 2–1.

Sandnes Ulf - Vålerenga

Mostafa Abdelloue i fint driv på stadion i Sandnes, der Vålerenga vann 2–1

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Artikkelen blir oppdatert!

– Eg er godt fornøgd med starten. Vi har slite med starten av kampane hittil, det smakte godt med innleiinga av kampen i dag. Vi burde leia 3–0 og ha avgjort kampen, sa VIF-trenar Kjetil Rekdal.

Han rosa også motstandaren.

– Vi fell av utover i kampen, dei har nokre gode spelarar som gir oss trøbbel. Det er deira forteneste at vi slit i andre omgang, sa Rekdal.

Sandnes Ulfs Aksel Berget Skjølsvik er samd. Han meiner dei kom for seint i gang med spelet sitt.

– Vi er der vi skal vere, men vi kom for seint i gang. Dei første 20 minutta var ikkje gode nok, og det er utilgiveleg å kome under med 2–0 så tidleg, sa Sandnes Ulfs Aksel Berget Skjølsvik til C More.

2–0 på 12 minutt

Diego Calvo sette inn ein retur frå Ulfs målvakt McDermott etter åtte minutt, og berre fire minutt seinare dobla Simon Larsen leiinga etter slurv i Ulfs forsvar.

Det var nok. Gjestene hadde eit godt grep om første halvtimen av kampen og skapte sjansar nok til å avgjere det heile då.

Men Sandnes Ulf viste mot slutten av omgangen at dei ikkje var slått, og etter pause var dei lyseblå toneangivande. Tommy Høiland reduserte tidleg i andre omgang, og Ulf hadde gode sjansar til utlikning.

– Vi er godt fornøgd med sigeren, men vi var ikkje gode nok i andre omgang, sa Christian Grindheim.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.