Situasjonen på jentene sitt treningsfelt er med andre ord heilt annleis enn då Drillo og hans menn trena framfor kampen mot Portugal tysdag.
Noreg skal møte Ukraina borte laurdag og heime onsdag. Premien for samanlagtsiger er ein plass i neste års VM i Tyskland. Med andre ord ein viktigare kamp enn dei "Drillos" spela mot Island og Portugal nyleg.
- Eg hadde nok ønska meg - ikkje minst for jentene sin del - litt meir PR og presse rundt laget, slik at vi hadde fått meir blest rundt laget. Men baksida av den medaljen er det heilt greit å sleppe, seier landslagssjef Eli Landsem til NRK.
Ho siktar til presset frå media og "forståsegpåarar". Iallfall dersom laget skulle misse kvalifiseringa - ein miss som vil koste både VM-plass neste år og OL-plass i London i 2012.
- Du ventar med andre ord ingen Landsem-feber i Norge?
- Nei, det er eg veldig roleg i forhold til, ler Landsem.
Dei norske fotballkvinnene vart verdesmeister i 1995 og OL-meister i 2000, og har dessutan deltatt i dei aller fleste meisterskapa som er arrangert.