– Eg trur først og fremst at Vegard er dønn ærleg. Det er ikkje eit spel for galleriet, seier Mjøndalen-spelaren Michael Stilson til NRK.
For sensasjonslaget Mjøndalen har fått ein pangstart i eliteserien. Og i går toppa det seg då sjølvaste Rosenborg blei slått 3-2 heime på Isachsen stadion.
Rosenborg sklei på eit gedigent bananskall etter å ha leia 2-0 etter 30 minuttar.
For Mjøndalen snudde kampen etter to mål av den amerikanske midtstopparen Rhett Bernstein. 3-2-målet kom to minutt på overtid.
– Kjem tøffare tider
Etter kampen uttalte den frittalande trenaren Vegard Hansen både til VG og NRK at Mjøndalen likevel kjem til å rykke ned - sjølv om klubben står med 12 poeng etter åtte kampar. Og ligg trygt plassert på ein sjette-plass på tabellen.
– Vi kan fortsatt rykke ned vi, for all del. Det kan godt hende. Og sannsynlegvis så gjer vi det også, seier Hansen til NRK.
– Vi kjem til å gå på tap etterkvart og få nokre store smellar. Vi skal ikkje ta av etter dette. Vi veit det blir ein knalltøff kamp for å overleve.
Det kjem tøffare tider etter dette, seier Hansen.
Har sjølvinnsikt
Spørsmålet er om dette er ein bevisst strategi frå luringen Hansen for å dempe presset og forventningane til sitt eige lag.
Definitivt nei, meiner to av Hansens disiplar.
– Når han seier at han trur vi rykker ned så er det sannheita. Det er pessimisten i han som trur det. Eg føler vi har sjølvtillit. Men samtidig også sjølvinnsikt, seier kantspelaren Mads Hansen,
Han spelte sin åttande strake seriekamp då serieleiar Rosenborg sensasjonelt gjekk på sesongens første tap.
– Har ein sjanse mot alle
Michael Stilson, som fekk tre minuttar som innbyttar då Mjøndalen braut nok ei barriere i eliteserien, vedgår likevel at Hansen uttrykker seg annleis til media enn i garderoben.
– Han er meir direkte utad. Til oss har han trua, han kjenner fotballens mekanismar, og ønskjer å gje oss ein best mogleg inngang til det vi gjer. Men han prøver ikkje å lure media, seier Stilson.
Også Mads Hansen stadfestar at suksess-trenaren formulerer seg litt annleis bak lukka dører.
– I garderoben seier han at vi har ein sjanse mot alle lag. Og at vi kan hamle opp med dei beste både heime og borte, vedgår Hansen.
Og det har laget med det minste budsjettet i eliteserien (40 millionar) gjort til gangs.
Klubben har på åtte kampar tatt skalpen til både Viking, Rosenborg og Tromsø, samt spelt uavgjort mot Strømsgodset, Start og Odd, mens det er blitt tap for Lillestrøm og Stabæk.
Fordel med mindre press
Michael Stilson meiner dei nyopprykka har fordelen ved at dei spelar med null press før alle kampar.
– Om vi møter Glimt eller Tromsø eller dei andre i botnen, så er vi det laget dei er nøydde til å slå, fordi vi skal hamne sist. Og det gjev oss ein veldig behageleg inngang til alle kampar, seier Stilson.
Men Hansen vedgår likevel at det vil bli ein gedigen skuffelse dersom laget likevel må ned ein divisjon.
– Men skuffelsen kan ikkje måle seg med den Brann hadde i fjor. Vi kan tåle det fordi vi forventar det. Og difor blir nedturen mindre enn andre stader, meiner Mads Hansen.