Platini: – Blatter bad meg bli generalsekretær

UEFA-president Michel Platini vedgår at det ikkje finst noko skriftleg dokumentasjon på dei 17 millionar kronene han fekk frå FIFA-president Sepp Blatter i 2011.

Michel Platini

INGEN KONTRAKT: Michel Platini vedgår at det ikkje finst dokumentasjon for dei 17 millionar kronene han fekk frå Sepp Blatter og FIFA i 2011

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp
Arve Lote byline
Journalist

– Avtalen var gjort «mann til mann». Eg forstod det slik at ein muntleg kontrakt er like god som ein skriftleg, seier Platini til avisa Le Monde.

Platini er suspendert frå FIFA i 90 dagar medan saka blir etterforska. Som konsekvens av dette kan han haller ikkje fungere som president i UEFA.

Les: Tror løpet er kjørt for Platini

Eit krisemøte i UEFA før helga konkluderte med at han framleis har støtte som kandidat til vervet som FIFA-president ved valet i februar. Men fleire av dei europeiske forbunda sa at vilkåret var at Platini kunne legge fram dokumentasjon på avtalen og utbetalinga, som skulle gjelde rådgiving for Blatter i åra frå 1999 til 2002.

«Gentleman's agreement»

Blatter har tidlegare sagt at betalinga var innanfor regelverket, og at det var ein «gentleman's agreement.»

FIFA-styret skal møtest i morgon, mellom anna for å diskutere om presidentvalet skal utsetjast. Fristen for å melde seg som kandidat er 26. oktober, men då er neppe etterforskinga ferdig.

– Skammeleg å bli dratt ned i gjørma

Platini sjølv avviser framleis at han har gjort noko gale.

– Eg synest det er skammeleg å bli dratt ned i gjørma, seier Platini, og legg til at hans advokatar vil ta saka til den internasjonale idrettsdomstolen CAS for å få han frikjend, om nødvendig.

I intervjuet med den franske avisa fortel Platini at han like før presidentvalet i FIFA vart kalla inn på hotellrommet til Sepp Blatter. Blatter var generalsekretær og ønska å stille til val som Joao Havelanges etterfølgjar som president.

Blatter bad han bli generalsekretær

– Blatter spurde om eg ville etterfølgje han som generalsekretær. Det kunne ikkje eg då, fordi eg var leiar for arrangementskomiteen for VM i Frankrike. Seinare, etter at Blatter hadde blitt president, kom han og spurde om eg kunne vere hans rådgivar. Det sa eg ja til, og vi avtalte ein pris på ein million sveitserfranc (ca 5,5 millionar kroner) i året, fortel Platini.

Men etter nokre månaders jobbing utan å få pengane, etterlyste han dei. Då fekk han denne forklaringa frå Blatter, ifølgje Platini sjølv:

Kunne ikkje få meir enn generalsekretæren

– Han sa at han hadde problem med å betale den avtalte lønna. Fordi ein generalsekretær berre tente 300.000 i året, kunne ikkje eg ha tre gonger så høg lønn. Derfor vil vi gi deg kontrakt på 300.000, så får du resten seinare. Men pengane kom ikkje, seier Platini.

Han slutta som rådgivar i 2002, då han gjekk inn i FIFA-styret.

Platini sende seinare ein faktura på 2 millionar sveitserfranc.

– Den fekk eg dekka ti dagar etterpå, og eg har betalt mine skattar for dette beløpet, seier Platini til Le Monde.

Fotballnyheter

Videoklipp

LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.
Se målene fra kampen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt her.
Rosenborg vant seriegullet da de vant fotballkampen mot Molde lørdag.