Hopp til innhold

Mjelde etter straffescoring: – Dommaren gjorde ein brølar

KRISTIANSAND (NRK.no): Start følte seg snytt for to poeng etter at Vålerenga utlikna til 2–2 på straffe rett før slutt. VIF-trenar Kjetil Rekdal meiner laget hans var heldige som fekk med seg poeng frå Sørlandet.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg meiner dommaren gjorde ein brølar. Det er ikkje meir halding enn normalt. Eg snakka med Glenn og han seier det er kamp om ballen, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

– Eg føler det er han som riv meg ned og ikkje omvendt. Noko meir er det ikkje å seie. Eg prøver berre å stå på beina, seier Start-spelar Glenn Andersen til NRK.

Vidar Ørn Kjartansson

Vidar Ørn Kjartansson scora to mål mot Start i Kristiansand.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Situasjonen oppstod med to minutt att av ordinær tid på stillinga 2–1 til Start. Glenn Andersen var i duell med VIF-spelar Morten Berre. Vålerenga-spelaren vart lagt i bakken og dommaren peika på straffemerket.

NRKs fotballekspert Karl Petter Løken meiner at dommaren gjorde rett då han dømde straffe.

– Eg trur faktisk det er riktig, men Glenn Andersen er uheldig der. Det ser faktisk ut som han sklir og så bruker han armane då han er på tur ned i bakken. Slik det ser ut for meg dreg han Vålerenga-spelaren med seg. Det er ikkje noko å seie på straffa etter mi meining, seier Løken.

Det var eliteseriens toppscorar Vidar Ørn Kjartansson som tok straffa. Islendingen gjorde ingen feil og scora sitt andre for dagen då han sikra eitt poeng til Oslo-klubben på fotballens nasjonaldag.

– Morten Berre er ein ærleg mann og sa at det var straffe, så eg trur på han. Eg har ikkje sett situasjonen på tv, men dommaren stod nær, seier eliteseriens toppscorar Vidar Ørn Kjartansson som scora på straffa.

Rekdal: – Vi var heldige

Med to scoringar i Kristiansand står han med 10 fulltreffarar så langt denne sesongen.

– Det er bra å score to mål i dag. Eg kom ikkje til så veldig mange sjansar, seier han.

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal hadde ikkje sett straffesituasjonen då han kom ut i intervjusona etter kampen.

– Men slik er det på alle dødballar med riving og sliting. Eg skal ikkje seie verken det eine eller andre. Det einaste eg kan seie er at det skjer ganske ofte, seier Rekdal.

Trenaren meiner Vålerenga var heldige som fekk med seg poeng frå Kristiansand.

– Det har eg ingen problem med å innrømme. Det er ikkje bra nok det vi leverer. Det vi gjer etter pause er ikkje bra. Vi har mange dumme balltap, misser struktur og er veldig passive, seier Rekdal.

Vidar Ørn Kjartansson

Vidar Ørn Kjartansson set inn 2-2-scoringa på straffe to minutt før full tid.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Stolpe for Andersen

Det var heimelaget Start som hadde flest store sjansar på heimebane. Likevel var det Vålerenga som tok leiinga. Nemnde Kjartansson trengde berre 15 minutt og sende bortelaget i føringa.

Etter det var Start nær scoring ei rekkje gonger. Først Espen Børufsen etter 20 minutt, som slo inn til Espen Hoff, som forsøkte å breiside ballen i mål. Dessverre for gultrøyene gjekk ballen like til side for mål.

Berre minuttet seinare sette Ernest Asante på turboen og nådde ballen rett føre Vålerenga-keeper Michael Langer heilt nede ved dødlinja. Spissen slo 45 grader ut til Zlatko Tripic som drog til, men nok ein gong var det Vålerenga som hadde centimetrane på si side.

Start heldt fram presset mot hovudstadsklubben. 32 minutt ut i første omgang trudde dei 8500 tilskodarane på stadion i Kristiansand at Start skulle utlikne. Men Glenn Andersen si heading gjekk i stolpen. Returen fekk etter kvart Vålerenga-forsvaret slått til innkast.

Mjelde og Rekdal etter kampen

VIDEO: Sjå intervju med Start-trenar Mons Ivar Mjelde og Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal etter oppgjeret i Kristiansand.

Store Start-sjansar

Det var Start som tok kommandoen også i andre omgang. Ernest Asante lurte av ein Vålerenga-forsvarar og drog seg inn i feltet. Spissen fekk godt treff på ballen frå 12 meter, men skotet gjekk like over.

Berre fire minutt seinare slo Solomon Owello eit langt innlegg mot bakarste stolpe, der Espen Børufsen kom i stor fart. På mirakuløst vis klarte sørlendingen å skyte over frå fem meter.

Det tok 61 minutt før Start fekk hol på byllen. Eit langt innlegg vart slått mot Espen Hoff. Ballen såg ut til å gå ut, men på elegant vis heada Start-spissen ballen i mål frå nesten død vinkel.

Fire minutt seinare var bortelaget særs nær å gå opp igjen i leiinga. Sivert Heltne Nilsen si heading etter hjørnespark vart redda på streken av Ernest Asante.

Kvarteret før slutt drog Zlatko Tripic seg innover i bana. Lyngdølen drog til frå 20 meter, men nok ein gang gjekk ballen hårfint utanfor.

Start - Vålerenga

Start-spelarane jublar for scoring. Jubelen vart etter kvart snudd til skuffelse då Vålerenga utlikna på tampen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Tripic: – Utruleg kjipt

Fem minutt seinare fekk han endeleg treff mellom stengene. Skotet frå 16 meter gjekk i mål til ellevill jubel hos heimesupporterane.

To minutt før full tid reiv Glenn Andersen ned Vidar Ørn Kjartansson over ende i eigen 16 meter. Dommaren peika på straffemerket til sterke protestar frå Start-spelarar og heimepublikum. Frå 11 meters merket gjorde eliteseriens toppscorar ingen feil og utlikna for blåtrøyene.

– Det er ei utruleg dårleg kjensle. Vi gjer ein så god andre omgang og snur kampen. Vi trengde verkeleg denne sigeren. Men vi må ta med oss det positive i andre omgang. Det er utruleg kjipt at vi ikkje tek med oss tre poeng, seier Zlatko Tripic.

Dermed står Start med fem strake kampar utan siger. Vålerenga spelte sin fjerde strake kamp utan å tape.

Fotball

  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland