Etter ein stri sesong har Oslo-laget no to strake sigrar i serien.
Situasjonen har betra seg raskt, to veker etter at det storma rundt klubben som no nermar seg europacupplass.
- LES OGSÅ:
– Vi har målsetnad om europacupspel. Vi må bare vidareføre det gode spelet frå kamp til kamp. Det gjorde vi frå førre kamp mot Sarpsborg til i dag. No må laget fokusere på neste oppgjer mot Start, sa Martin Andresen til MAX etter kampen.
Overlegne i angrep
Harmeet Singh, Fredor Ogude og Morten Berre fekk fansen og medspelarar til å reise armane mot Haugesund laurdag.
Alle scoringssituasjonane inneheldt flott spel av ulikt slag:
***25. minutt: Singh får ballen av Zajic og riv seg laus 20 meter frå mål. Midtbanespelaren dundrar ballen i krysset bak ein sjanselaus Per Morten Kristiansen i Haugesund-målet.
***50. minutt: Ogude tråklar seg gjennom heile Haugesund-forsvaret og set ballen iskaldt forbi Kristiansen.
***57. minutt: Eit lekkert VIF-angrep avsluttar med eit innlegg frå Håvard Nielsen til Morten Berre som stangar heimelaget opp i 3-1.
– Vi har grave oss ganske langt ned denne sesongen, men i det siste har vi vore meir positive. Det ser vi bare i dag når vi hevar oss i andre omgang, sa målscorar Singh.
Haugesunds åttande bortetap
Alexander Søderlund utlikna til 1-1 for Haugesund like før pause. Thomas Sørum hamra inn 3-2 reduseringa like før slutt, men på Ullevaal var det Vålerengas dag som no ligg på 8.-plass med 29 poeng i serien.
Haugesund gjekk med det på sitt åttande bortetap i serien. Likevel ligg dei ein plass framfor dagens motstandar på 7.-plass med 30 poeng.