Vålerenga var soleklar favoritt då dei i dag tok imot Kongsvinger (KIL) på heimebane. Men med eit KIL på hogget etter tapet mot Strømsgodset i førre runde og slurvete pasningsspel frå Vålerenga, var det tidleg duka for ein uventa spanande kamp.
– Vi kom sakte men sikkert inn i kampen. I første omgang var vi altfor passive, men i andre omgang kjørte vi over Kongsvinger, sa målscorar Harmeet Singh til TV2 etter kampen.
- LES OGSÅ:
Målrik opning
Etter tre forrykande opningsminutt, stod det 1-1 mellom formsterke Vålerenga og nedrykkstruga Kongsvinger, som berre har Sandefjord under seg på tabellen.
Den første til å skrive seg på scoringslista, var Morten Berre. Knappe to minutt etter kampstart, smalt Berre ballen han fekk servert frå Singh inn i Kongsvinger-nettet frå sju meters hald.
Iskald straffe frå Tuelo
Med hands inne i feltet, sørga VIFs Stefan Strandberg for straffe til Kongsvinger rett etter scoringa til Berre.
Kongsvinger-spiss Olav Tuelo Johannesen sløste ikkje bort sjansen til å utlikne, men plasserte ballen iskaldt i hjørnet for målvakt Thomas Myhre.
Men ein halvtime ut i første omgang viste Myhre at han er ein klassekeeper. Den tidlegare landslagsmålvakta varta opp med ei imponerande refleksredning då VIFs Andre Muri heada ballen treffsikkert mot mål frå fem meter.
Sjølvmål på Myhre
Spenninga og målfesten fortsette heilt fram til pause. Til klanens store fortviling,
sendte Adem Güven KIL opp i føringa på Ullevål etter 36minutt.
Güven klistra ballen nede til høgre for målvakt Hirschfeld etter strålande forarbeid av Torp og Holmen. Eit svakt Vålerenga-forsvar gjorde jobben lett for KIL-spelarane.
På overtid av overtid i første omgang svarte Vålerenga. Mohammed Fellah smalt ballen i tverrliggjaren frå 17 meters hald. Ballen trefte målvakt Myhre i armen før den gjekk i nettet, og blei dermed registrert som sjølvmål.
Rotete av Vålerenga
NRKs fotballekspert, Raymond Kvisvik var ikkje veldig imponert over spelet til Vålerenga etter første omgang,
– Det var mykje rotete spel og balltap . Men det kom seg rett før sidebyte, med litt fyrverkeri frå Fellah, sa Kvisvik.
- LES OGSÅ:
Før dagens oppgjer, hadde Kongsvinger 11 tap, 2 uavgjort og tre sigrar på 16 kampar. Til samanlikning stod Vålerenga ¨med 9 sigrar, 4 uavgjort og 3 tap.
Optimistisk KIL-trenar
Førre gong dei to laga møtte kvarandre var i mai i år. Då vann Vålerenga 2-1 over raudtrøyene.
Likevel var Kongsvinger-trenar Tony Gustavsson optimistisk før kampstart i dag.
– Vesle Sveits vann mot Spania i VM-gruppespelet. Vi har faktisk ein sjangs mot Vålerenga dersom vi er kompakte og aggressive i forsvar, sa Gustavsson før avspark.
Moa sette sitt tolvte
Men i andre omgang stabla Vålerenga seg på beina igjen, og viste kven som er storebror. Først auka Harmeet Singh til 3-2. Deretter la toppscorar Mohammed «Moa» Abdellaoue på til 4-2, og gjorde med det sitt 12 seriemål.
Luton Shelton blei byta inn i andre omgang, og viste styrke då han stupte inn 5-2 for VIF på overtid.
Dermed endte kampen som venta med komfortabel siger til dei blåkledde vertane, etter ein kludrete start. KIL må notere seg nok eit tap på statistikken.
Kristoffer Hæstad fekk sitt tredje gule kort og må stå over neste kamp.