Hopp til innhold

– Vi overlever ikkje utan utlendingar

Utlendingane invaderer norsk toppfotball på kvinnesida. – Vi greier oss ikkje utan, seier Avaldsnes-leiar Arne Utvik.

Cecilie Pedersen og Gudrun Gunnarsdottir

Her er norske Cecilie Pedersen i kamp mot Islands Gudrun Gunnarsdottir i EM i 2009. No er dei lagkameratar i Avaldsnes

Foto: JUSSI NUKARI / AFP

Aldri har det vore fleire utanlandske spelarar i Toppserien enn det blir i år. Tre gonger så mange er henta inn som har gått ut.

Og flest av alle har nyopprykka Avaldsnes henta inn.

– Slik det er i dag, er det lettare å hente utlendingar enn norske spelarar. Det er for dårleg rekruttering i kvinnefotballen, seier klubbleiar Arne Utvik til NRK.no.

– Vil fortsette

Nyopprykka Avaldsnes har flest , seks nye utlendingar. I alt har Avaldsnes no 11 utlendingar og sju lokale spelarar i troppen.

Dagleg leiar i Karmøy-klubben, Arne Utvik, trur toppserielag kjem til å halde fram med å hente spelarar frå utlandet framover.

– Denne utviklinga vil halde fram. Dersom vi ser nokre år framover i tid, trur eg ikkje det er god nok rekruttering til å dekke 12 toppserielag med høg kvalitet, seier Utvik til NRK.no.

I ein treningskamp mot Klepp i slutten av januar var berre to av spelarane i startoppstillinga norske.

– Folk forstår ikkje nivået i Toppserien

– Har du fått reaksjonar på at så mange av spelarane de har i dag er utlendingar?

– Spelarane har vore positive, men det er sjølvsagt nokon som kjenner at posisjonen deira er trua. I lokalsamfunnet har det vore både positive og negative reaksjonar, seier Utvik, og legg til:

Arne Utvik

Vi slepper til talent, men det er ikkje nok. Det er ikkje god nok rekruttering til å dekke 12 toppserielag med høg kvalitet, seier Arne Utvik i Avaldsnes

Foto: Privat

Dei som er negative, ønskjer at vi skal bruke lokale spelarar. Vi slepper til talent, men folk forstår ikkje nivåret i Toppserien. Vi er nøydde til å ha fleire spelarar enn dei lokale. Rogaland er faktisk eitt av dei betre fylka på rekrutteringssida, men det er likevel ikkje nok, seier han.

– Ingen dramatisk auke

I Bergen, nokre mil lenger nord, held Vestlandets beste kvinneklubb dei siste åra, Arna Bjørnar, til. Dagleg leiar Torstein Pedersen fortel om eit litt anna syn på rekrutteringa. Han ser heller ikkje på auken av utlendingar i år som dramatisk.

– Dette er ingen dramatisk auke, og det er neppe grunn til å sjå på det som ein tendens. Litt svingar det alltid, seier dagleg leiar i Arna-Bjørnar, Torstein Pedersen.

Han viser til at det er Avaldsnes som har den store tilveksten av utlendingar. Ser ein bort frå dei, er ikkje auken større enn at det kan vere tilfeldige svingingar.

Maks to utlendingar i Arna Bjørnar

Arna-Bjørnar mista sine to utanlandske spelarar etter sesongen i fjor, og har henta inn to nye som erstattarar - ein kanadiar og ein frå Island. Fleire blir det ikkje, seier Pedersen.

– I klubben vår har vi sett eit tak på to utlendingar, og det er ei avgjerd vi vil stå hardt på. Vi skal først og fremst rekruttere lokalt her på Vestlandet, men har likevel gitt ein opning for inntil to utlendingar, seier han til NRK.no.

– Og det er eit tak de vil halde fast på også dersom resultata tek til å butte imot?

– Ja, vi vil i staden finsikte den lokale marknaden og våre eigne talent. Vi har i så måte mykje godt å bygge på, seier leiaren for klubben som i fjor tok to NM-titlar i jenteklassene.

Fem ut - 16 inn

Tone Angeltveit

- Vi har hatt nokså få utlendingar dei siste åra, så det er kanskje naturleg at talet stig, seier Tone Angeltveit i Serieforeningen

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Hittil har dei norske klubbane i Toppserien henta inn i alt 16 nye utanlandske spelarar frå utanlandske klubbar sidan sesongslutt i fjor haust. Berre fem utlendingar har reist ut av landet i det same tidsrommet.

Sjå detaljar i faktaramma lengst nede i artikkelen!

Sju av dei 12 klubbane har henta inn utlendingar hittil i vinter. Og fleire kan det godt bli – overgangsvindauget stengjer ikkje før 31. mars. Toppserien sparkar i gang laurdag 13. april.

– Vi har hatt svært få utlendingar i Toppserien dei siste sesongane, og når fleire av klubbane no er i ferd med eit generasjonsskifte, er det ikkje unaturleg at dei ser til utlandet, seier dagleg leiar i Serieforeningen for kvinnefotball, Tone Angeltveit, til NRK.no.

Fem av dei hittil 16 nye utlendingane er frå Island. Ellers er dei nye frå Sverige, Danmark, Finland, USA, Canada og Australia. Den "vestlege kulturkrinsen", med andre ord.

Hjelpt av økonomikrisa?

– Dette er spelarar som har lett for å finne seg til rette og få jobb i Noreg. Som kjent er det berre eit fåtal spelarar som kan leve av fotballen sin i Toppserien, dei fleste må jobbe ved sida av, seier Angeltveit.

Ho har også ein annan teori om årsakene til dei mange utlendingane.

– Eg vil tru at den økonomiske situasjonen i verda spelar inn. Vi her i landet har så langt sleppt billig unna økonomikrisa som pregar mange andre land.

– Derfor er det kanskje mange som ønskjer seg hit, og av same grunn er det rimeleg for norske klubbar å hente utlendingar. Dette har eg ingen statistikk på, det er berre tankar eg gjer meg heilt privat, seier Angeltveit.

Fotball

  • Stygg smell for Start-keeper – sendt til sykehus

    Start kunne mandag juble for sitt første poeng denne sesongen etter 1–1 mot Mjøndalen. Det var imidlertid noe helt annet som stjal fokuset.

    Etter 20 drøye minutter smalt det da Start-keeper Jasper Silva Torkildsen skulle avverge et angrep, men ble meid ned av Mjøndalens Mathias Bringaker.

    Keeperen reiste seg først opp og sjanglet bortover, før han måtte sette deg ned igjen med ansiktet dekket av blod. Thorkildsen ville fortsette, men ble til slutt byttet ut med Mats Viken.

    – Han er helt fortumlet, helt sprellemann, fastslo TV 2-kommentator Petter Bø Tosterud.

    Underveis i annen omgang kom Start med en skadeoppdatering på keeperen:

    – Han er ved bevissthet og får medisinsk behandling. Nå er han på vei til sykehuset for videre undersøkelser, skrev klubben på X.

    (NTB)

    1. divisjon fotball 2024: Start - Aalesund
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Lyn knuste Aalesund på bortebane etter rødt kort

    Jan Halvor Halvorsens Lyn kunne juble for sin første seier siden opprykket til 1. divisjon da Aalesund ble rundspilt med 3-0 mandag.

    Før mandagens knallsterke borteseier sto hovedstadslaget med én uavgjort og ett tap. Lyn har rykket opp to sesonger på rad og har ikke spilt i 1. divisjon siden 2010.

    Mandag fikk Lyn litt hjelp på veien mot sesongens første seier da Aalesunds Sander Kilen pådro seg sitt andre gule kort og ble sendt i dusjen etter bare 35 minutter.

    Daniel Schneider, Henrik Kristiansen og Andreas Hellum scoret målene for Oslo-klubben.

    (NTB)

    NM fotball cup 2023: Vålerenga - Lyn (1-2)
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • TV 2: Løkberg brakk ankelen: – Jeg har det blytungt

    Viking-profil Kristoffer Løkberg er sønderknust etter at han fikk påvist et brudd i ankelen etter en Viking 2-kamp mandag.

    – Akkurat nå prøver jeg å finne motivasjon. Jeg har det blytungt, sier Løkberg til TV 2 og tar til tårene.

    Det var fem minutter inn i Viking 2s 2-1-seier hjemme over Jerv at det gikk galt for NRK-eksperten.

    – En god gammeldags grisetakling bakfra. Hvordan han ikke ble utvist, må du spørre dommeren om, sier Løkberg.

    TV 2 gjorde som de fikk beskjed om, men dommer Amir Ajjour har ikke besvart kanalens henvendelser.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2022: Viking - Sarpsborg 08
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Saudiske fotballforbundet tar grep etter piskeskandale: – Sjokkert over de skammelige scenene

    Det saudiske fotballforbundet (SAFF) er i sjokk over at Al-Ittihad-spiss Abderrazak Hamdallah ble pisket av en supporter og skal nå gjennomgå regelverket.

    Det skriver forbundet i en pressemelding.

    «SAFF og spillerforeningen i Saudi-Arabia (PFA) er sjokkert over de skammelige scenene da en tilskuer gikk til fysisk angrep på en Al-Ittihad-spiller, innledes det.

    Hendelsen skjedde etter at Al-Ittihad hadde tapt den saudiarabiske supercupfinalen 1-4 for Al-Hilal tidligere i april. Etter oppgjøret kastet Hamdallah vann på en supporter, som svarte med å piske den 33-årige marokkaneren.

    «Heldigvis er disputer med supportere ekstremt sjeldent. Det er grunnen til at handlingene til denne «såkalte» supporteren går mot alt den saudiske fotballen representerer, og vi fordømmer hendelsen fullstendig», skriver forbundet.

    Hamdallah var i Marokkos VM-tropp i 2022 og spilte for 1.-divisjonsklubben Aalesund for elleve år siden. (NTB)

    Abderrazak Hamdallah
    Foto: AP
  • Roma-spiller fikk medisinsk tilsyn - Serie A-kamp avbrutt

    Drøyt 70 minutter ut i kampen mellom Udinese og Roma satte midtstopper Evan Ndicka seg ned på gressmatta, uten at noen andre var i nærheten av Roma-forsvaren. Ndicka tok seg tydelig til brystet mens han lå nede.

    Like etter kom det medisinske apparatet inn på banen og Ndicka ble like etter fraktet ut av banen på båre. På vei ut av banen ga Roma-spilleren en tommel opp til en lagkamerat.

    Kampen ble avbrutt like etter og lagene gikk inn i garderoben. På det tidspunktet var stillingen 1-1 i søndagens kamp.

    Roma skriver i en oppdatering på X søndag kveld at Roma-laget har vært på besøk hos Ndicka på sykehuset, og at midtstopperen føler seg bedre. Ndicka vil holde seg på sykehuset for videre observasjon.

    Roma
    Foto: AP
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven