Normal

Helstad på veg bort

Både franske og engelske klubbar skal vera interesserte i Brann-spissen, mellom dei er engelske Everton.

Branns Thorstein Helstad
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Se: Helstad kan forsvinne

Men Helstad vil ikkje snakka om framtida - enno.

Agenten til Helstad, Stig Lillejord, seier til NRK at fleire utanlandske klubbar er interesserte i 30-åringen, og at han ikkje vert overraska om det kjem eit bod frå England eller Frankrike den neste månaden.

Av klubbane som er interesserte i hedmarkingen er Everton, men Brann har ikkje fått nokon formell førespurnad frå klubben.

Grei dialog

- Me har ein grei dialog med Helstad og agenten hans om framtida, seier sportsleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hansen.

Helstad har to år att av kontrakten med Brann, men Bruun-Hansen seier at dei vil ta alle formelle førespurnader på alvor.

– Skulle det koma nokon utanfrå som er interessert Torstein, så skal me sjølvsagt diskutera dette saman med han.

Fotballnyheter