For med Mexicos heimetap 1–2 for Honduras er det stor fare for at Mexico kan miste VM i Brasil neste sommar. Det blir i så fall for første gong sidan dei var utestengt frå 1990-VM at Mexico ikkje er med.
Resultatet førte også til at landslagssjef Jose Manuel de la Torre fekk sparken søndag morgon. Tapet i natt var rettnok det første på sju kampar i VM-kvalet, men fem av dei seks første har enda uavgjort.
Dei er på kvalifiseringsplass, men har eit tøft kampprogram igjen.
Etter tre 0-0-kampar på rad såg det lyst ut for Mexico då Oribe Peralta sende dei i leiinga tidleg. Men to raske mål av Jerry Bengtson og Carlo Costly midt i andre omgang øydela kvelden for heimelaget.
Honduras gjekk forbi Mexico og inntok den tredje og siste automatiske kvalikplassen.
Tapet var Mexicos første i ein obligatorisk kamp på heimebane sidan 2001. "Chepo out" ljoma det frå publikum då kampen gjekk mot slutten. Chepo er kallenamnet til landslagssjef Jose Manuel de la Torre. Og nokre timar etter kampen var dei bønhøyrde.
Mexico møter USA borte tysdag, Panama heime og Costa Rica borte i oktober.
Borges scora då USA vart slått
I Costa Rica slo heimelaget USA og gjekk til topps på tabellen. Begge laga går truleg til VM.
Allereie etter ti minutt stod det 2–0. Johnny Acosta scora det første, og tidlegare FFK-spelar Celso Borges dobla leiinga. Clint Dempsey reduserte på straffe før pause, men Joel Campbell avgjorde med eit kvarter att å spele.
Mikkel Diskerud var i troppen, men sat på benken i heile kampen.
– Det er aldri lett å kome til VM, sa USAs veteran Landon Donovan. – No må vi restituere oss fysisk og mentalt før kampen mot Mexico tysdag.
I den tredje kampen i gruppa i natt spela Panama og Jamaica 0–0. Den tidlegare Brann-spelaren Rodolph Austin fekk raudt kort etter ein times spel.
Panama ligg berre eitt poeng bak Mexico, så det blir ein heilt avgjerande kamp når dei møtest i oktober.