I eit fyrverkeri av ein førsteomgang gav Cristiano Ronaldo (2) og Carlos Tevez United 3-0 før Dean Ashton reduserte.
United fekk Nani utvist før pause, men Michael Carrick auka likevel leiinga i andre omgang.
Einvegskøyring
Ronaldo opna scoringane før det var spela tre minutt, og dobla leiinga 20 minutt seinare. Rett etterpå scora Tevez frå 25 meter, i ein kamp som til då var einvegskøyrt.
Men West Ham kom tilbake. Ashtons brassescoring var det klasse over, og ti minutt før slutt fekk Nani direkte raudt kort etter nedskalling. Håpet var tent for London-laget.
Men nærmare kom dei ikkje. United hadde full kontroll etter pause, og Carrick punkterte kampen eit kvarter etter pausen.
Tøff kamp for Chelsea
United har tre poengs forsprang på Chelsea, som møter Newcastle måndag. Manchester-laget har klart best målskilnad.
I serieavslutninga neste søndag møter United Wigan borte, og Chelsea møter Bolton heime.
Og taparen får uansett sjanse til revansje i meisterliga-finalen i Moskva 21. mai.