Ti minutt før den avgjerande scoringa hadde Manchester United blitt redusert til ti mann. Innbyttar Fabio hadde knapt vore på banen då ei stygg takling enda i raudt kort.
Kampen blei avgjort av Wilfried Bony som heada 2-1-scoringa i mål etter eit innlegg frå venstre.
Michael Laudrup sitt mannskap er klare for fjerde runde i FA-cupen, medan David Moyes' menn gjekk på sitt andre heimtap på rad. Onsdag tapte dei heime mot Tottenham.
Ein god klem er kanskje akkurat det David Moyes treng no.
Foto: ANDREW YATES / Afp– Tenkte vi hadde kontroll
Mot Swansea var det bortelaget som tok leiinga etter 12 minutt, då Wayne Routledge lobba ballen over Manchester United-keeper Anders Lindegaard.
Heimelaget utlikna 1-1 ved Javier Hernández berre fire minutt seinare.
Gjennom kampen uteblei dei gigantiske sjansane, og i ein heller tam kamp blei raudt kort og seint avgjerslemål blant det mest underhaldande.
Tapet sett uansett meir press på Moyes. Etter kampen var manageren svært skuffa.
– Vi var litt uheldige som tapte. Vi hadde nokre sjansar, men ikkje nok, og vi blei éin mann mindre, seier Moyes til BBC.
– Eg tenkte i lange perioder av kampen at vi hadde kontroll. Når du taper kampar i ein kvar klubb er det vanskeleg, fortel manageren vidare.
Wilfried Bony avgjorde kampen for Swansea.
Foto: Martin Rickett / Ap