Høgt press og mange store sjansar til tross, det endte igjen med poengdeling då Viking tok imot Start på heimebane søndag.
– Dette vart ein klovnekamp, uttalte Start-trenar Knut Tørum til TV2 då begge lag rusla av banen med eitt poeng kvar i lomma.
- SJÅ OGSÅ: Viking - Start - spark for spark
Sjølvmål på Goodson
Tørum refererte blant anna til Clarence Goodson sitt sjølvmål, som sendte Viking opp i leiinga etter 34minutt. Amerikanaren, som endeleg var tilbake i den gule trøya etter å ha slitt med lyskestrekk dei siste vekene, brysta eit innlegg inn i eige mål.
- LES OGSÅ:
– Goodson gjorde nok ei feilvurdering der. Men sjølvmålet var berre ein av mange rare ting me gjorde i denne kampen, seier Tørum.
Ein annan situasjon som vekte oppsikt både på banen og på tribunen, var då Vikings Tommy Høiland fekk eit mål anullert tidleg i andre omgang. Dommaren blåste frispark til Start, etter først å ha vinka for fordel.
Nevland markerte seg
Starts Mads Stokkelien med eit skot under eliteseriekampen i fotball mellom Viking og Start på Viking stadion.
Foto: Hansen, Alf Ove / ScanpixKort tid etter sjølvmålet til Goodson utlikna Mads Stokkelien for Start, som dermed kunne gå til pause med skuldrene eit par hakk lågare. Deretter gjorde Espen Børufsen 2-1 og sendte tilreisande Start-fans til himmels etter 68minutt.
Kapteinen til Viking, Erik Nevland fekk målteften etter 73minutt. Han sette sitt første mål på heimebane etter comebacket i norsk fotball. På innlegg frå Tommy Høiland smalt Nevland ballen i nettet med full kraft frå kort hald.
Ein annan som markerte seg, var Start-målvakt Kenneth Høie. Høie varta opp med fleire redningar i verdsklasse, blant anna då Håkon Skogseid serverte eit skarpt skot frå 11meter i andre omgang.
– Slurvete
Motvindsplaga Viking jaga eit sigersmål på tampen av kampen, men Nevlands 2-2 mål blei siste nettkjenninga i kampen mellom Viking og Start søndag.
– Me er for slurvete i eige forsvar. Start får altfor mykje spelerom. Me skapar mykje sjangsar, men manglar ein del bakover idag, sa Viking-trenar Åge Hareide til TV2 etter oppgjeret.
– Gutane stod på, men det mangla rett og slett litt på ferdigheitene i dag, sa Tørum om Start sin innsats.
Start har sin neste kamp mot Rosenborg på Sør Arena neste søndag. Viking møter Brann i Bergen neste måndag.
\