20 år gamle Kevin-Prince Boateng vart i fjor kåra til den beste unge spelaren i tysk Bundesliga. Han har spelt 42 kampar for hovedstadsklubben og har fjorten målgjevande pasningar frå sin midtbaneposisjon.
- I Tyskland er Boateng sett på som eit av dei aller største talenta. Han er ein sterk, offensiv midtbanespelar og spelar for det tyske U21- landslaget. Det seier Tottenham-manager Martin Jol til klubben si heimeside.
- Eg er særs glad for å vere i England. Det har vore ein ambisjon for meg å spele i Premier League. No er eg 20 år og er i ferd med å leve ut draumen, seier Prince-Boateng til tottenhamhotspur.com.
Tidlegare i sommar sikra London-klubben seg Gareth Bale frå Southampton, Darren Bent frå Charlton og Younes Kaboul frå den franske klubben Auxerre.
Ein overgangssum for tyskaren er ikkje gjort offentleg.