
David Odonkor (Foto:AP/SCANPIX)
Den tyske landslagsspelaren David Odonkor går frå Borussia Dortmund til den spanske klubben Real Betis.
Det stadfesta sportsdirektør i Dortmund Michael Zorc mandag ettermiddag.
22-årige Odonkor hadde kontrakt med den tyske klubben ut 2008 og skal gå gjennom den medisinske testen i Spania.
Overgangssummen skal ifølge Zorc ligge på rundt seks millionar euro, eller 48 millionar kroner.
Odonkor imponerte for Tyskland i fotball-VM på heimebane, men har varma benken i Borussia Dortmund så langt denne sesongen.