William Gallas feirar seriegull for Chelsea (foto:AFP/Scanpix)
Chelsea hudflettar sin tidlegare spelar på si eiga heimeside, som ein kommentar til Gallas sin kritikk av Chelsea generelt og manager José Mourinho spesielt.
Den franske forsvarsspelaren vart nyleg selt til London-rival Arsenal i ein avtale der Ashley Cole gjekk motsatt veg.
Gallas skal ha nekta å spele semifinalen i FA-cupen mot Liverpool i fjor. 29- åringen skal også ha truga med å score sjølvmål, bli utvist eller gjere meinigslause feil dersom han måtte spele opningskampen mot Manchester City i august.
Spelaren vart sterkt kritisert av manager Mourinho då han ikkje møtte opp til Chelsea sin treningsleir i USA.
Chelsea hevdar at franskmannen kun var ute etter pengar i forhandlingane rundt ein ny kontrakt og at Gallas har vist klubben og deira tilhengarar særs liten respekt.
Chelsea møter Arsenal og William Gallas 10. desember heime på Stamford Bridge.