NØGD: Rosenborg-trenar Per Joar Hansen.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix– Han gjev oss ein ny dimensjon i angrepsspelet. Han er rå framfor mål, og har gjort ein kjempejobb for oss, seier Per Joar Hansen til NRK.no etter kampen.
Han er strålande nøgd med korleis Søderlund har starta RBK-karriera si. I kveld laga spissen sitt første seriemål for trønderane, etter eit innlegg frå makker Nicki Bille Nielsen.
– Vi er veldig glad for at vi fekk tak i Alexander. Han er ein slik spelar me treng i klubben. Han er god i fleire fasar av spelet og er ein god lagspelar i botn, held Hansen fram.
– RBK passar meg perfekt
Hovudpersonen sjølv var godt nøgd etter sigeren i Bergen.
– Eg er utruleg nøgd med at eg får spela på topp der eg trivst best. Det går fint her om dagen, seier Søderlund til NRK.
Han meiner spelestilen til Rosenborg passar han godt.
– Eg føle eg har noko å gjera både i boksen og når eg er feilvendt. Då er det vel perfekt for meg, smiler han og legg til at det var kjekt å få sitt første seriemål for klubben.
Første heimetap for Brann
Det var knytt stor spenning til kveldens toppkamp på Brann stadion i Bergen. I ekte bergensvær skulle eliteseriens beste bortelag møte det beste heimelaget til dyst.
Brann har starta sesongen strålande på eige gras, med siger i alle 8 heimekampar. Men det var før Rosenborg kom på besøk sundag kveld.
– Utifrå utgangspunktet vi hadde, så er dette årsbeste, seier Hansen og peikar på at Rosenborg ikkje klarte å kvalisera seg til europacup tidlegare denne veka.
– Mektig imponert
Etter at 90 minuttar var spelt i Bergen, hadde Brann-keeper Piotr Leciejewski plukka fire ballar ut av nettet.
– Eg er mektig imponert over arbeidsinnsatsen, moralen og måten vi spelar fotball på i store periodar i kampen, held Hansen fram.
Han var særleg nøgd med kontringane til Rosenborg.
– Det er noko vi trenar på kvar veke, så det er ekstra artig å sjå det att i kamp.
– Resultatet kunne vore annleis
Trass tap, var Brann-trenar Rune Skarsfjord nøgd med spelet til heimelaget.
– Rosenborg har eit ekstremt godt lag, men vi har eit grunnspel i dag som er så bra at dei slit med å halde følgje, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord.
Han meiner resultatet fort kunne vore annleis.
– Hadde vi vore litt meir nøyaktig inne i 16-meteren kunne vi fort vunne. Så resultatet er er kanskje ikkje heilt det same som kampbiletet, held han fram.
Høgt tempo og tøffe tak
JUBEL: Her har Nicki Bille Nielsen nettopp sett inn 1–0 for Rosenborg.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixAllereie etter seks minutt tok Rosenborg leiinga på stadion. Ein avslutning frå Alexander Søderlund hamna etter kvart i beina på Nicki Bille Nielsen på bakarste stolpe. 0–1 til Rosenborg og ein real kalddusj for heimelaget.
Etter det tok Brann over, og byrja angripe med høgt tempo. Spesielt var Erik Huseklepp involvert i mykje av det Brann prøvde seg på.
I det 28. minutt sette RBK-angripar Alexander Søderlund ballen i mål med pannebrasken, men vart avblåst for armbruk i feltet.
Den første halvtimen av kampen var prega av høgt tempo og mange duellar, men etter kvart som det nærma seg pause heldt Rosenborg ballen meir i laget.
Høljeregn
Andre omgang byrja først med at himmelen verkeleg opna seg over Bergen. Men det såg ikkje ut til å hindra laga i å gå i strupen på kvarandre.
I eit høljeregn av bibelske dimensjonar var det Rosenborg som var først frampå. Etter ein nydeleg vending hamna John Chibuike aleine med Brann-målvakt Piotr Leciejewski. Avslutninga strauk stolpen.
Brann slo kontra og skaffa seg fleire hjørnespark som RBK etter kvart fekk klarert.
RUNDA KEEPER: Mike Jensen i høljregnet på Brann stadion, like før han legg på til 2–0.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixTo kjappe frå gjestane
I det 53. minutt auka derimot Rosenborg leiinga. Dansken Mike Jensen vart spelt gjennom på strålande vis av Jonas Svensson.
Åleine med Leciejewski gjorde Jensen ingen feil. Han runda keeper og auka leiinga for trønderane.
Men gjestane var ikkje ferdige med det. Kun tre minutt etter fann Bille Nielsen spissmakker Søderlund på bakarste stolpe, etter ein fantastisk kontring.
0–3 og første seriemål for Søderlund i RBK-drakta.
Rosenborg svara Strømsgodset
Etter dei to kjappe måla gjekk mykje av lufta ut av Brann, og det var aldri spennande i Bergen. Og på overtid gjorde John Chibuike det verre for Rune Skarsfjord sine menn, med sitt fjerde for sesongen.
Amin Askar ordna eit trøystemål for Brann på overtid.
Med 4–1 svarar Rosenborg på Strømsgodset sin 6–1 siger over Hønefoss tidlegare sundag. No toppar trønderane tabellen med 37 poeng, medan drammensarane har 35 poeng.
Brann på si side ligg no på femteplass med 26 poeng.