Det var ein svært jamn kamp då 2.divisjonslaget Træff tok imot eliteserielaget Sogndal i andre runde i cupen onsdag.
360 tilskodarar hadde møtt opp på Reknesbanen onsdag kveld, og dei fekk sjå eit imponerande godt heimelag mot Sogndal.
To straffer i 1.omgang
Heimelaget Træff gjorde ein kjempeinnsats allereie frå kampstart for å stå imot angrepa til Sogndal, som spelar i to divisjonar over dei.
Sogndal fekk ein stor sjanse etter 16 minutt, då Flo sendte ballen rett over Træff sitt mål etter eit innlegg frå Karadas. Men scoring vart det ikkje for Flo før 24 minutt ut i første omgang, denne gong etter ein stuss frå Karadas (0-1).
30 minutt ute i første omgang etter vert det straffe for Sogndal etter ein duell mellom Karadas og Beinset. Mane set ballen sikkert i nettet bak Træff-keeperen (0-2).
3 minutt etter vert det straffe for Træff, då Rønningen vart felt. Espen Engh set ballen i Sogndal-nettet og reduserer for Træff (1-2). Dermed er Træff inne i kampen igjen.
Les også:
Træff utlikna på overtid
Andre omgang byrja svært bra for 2.divisjonslaget Træff. Då berre to minutt var spelt utliknar Oltedal etter det ein kan kalle ein keepertabbe av Sogndal-keeperen (2-2).
Gleda skulle likevel ikkje vare så lenge for Træff, like etter scorar Mane på eit frispark for Sogndal (2-3).
Det såg lenge ut til at Sogndal dermed var sikra vidare spel i cupen, men på overtid utliknar Træff sin Oltedal. Dermed var det duka for ekstraomgangar på Reknesbanen.
Straffekonkurranse
To gongar femten minutt vart spela utan at det vart noko mål for verken Træff eller Sogndal. I straffekonkurransar kan alt skje, og 2.divisjonslaget Træff var farleg nære å sende eliteserielaget Sogndal ut av cupen.
Sogndal sin Malick Mane tok den første straffa, men bomma. Arne Håkon Sandnes derimot, sette ballen sikkert inn for Træff (4-3). Karadas var meir sikker på straffemerket og scora for Sogndal (4-4), og ein var igjen like langt.
Dessverre for Træff skaut Kosberg ballen høgt over mål då han skulle ta si straffe (4-4). Sagna sendte Sogndal i leiinga igjen (4-5). Like etter bomma Rønningen på si straffe, men fekk ta den på nytt fordi dommaren meinte at Sogndal-keeperen hadde forlate streken for tidleg. Denne gong hamna ballen i mål (5-5).
Ulrik Flo frå Sogndal scora lett med sitt skot (5-6) og Flemmen svarer for Træff (6-6). Valsvik aukar igjen leiinga for Sogndal (6-7), men Træff sin Ronny Fredriksen scorar han også (7-7). Nok eit bom for Sogndal vart det då Træff-keeper Beinset redda eit skot frå Espen Ness Lund, men også Mats Amundsgård bomma då det vart Træff sin sjanse.
Sogndal scora på sitt neste straffespark (7-8) og Træff bomma på sitt siste då skotet frå Leirvik traff stolpen.
Dermed er Træff ute og Sogndal er vidare i cupen.