NRK Meny
Normal

Torres scora og blei utvist - så snudde Suarez kampen

Fernando Torres scora og blei utvist i løpet av ti minutt mot Barcelona. Luiz Suares gjorde derimot alt rett i det første oppgjeret i Meisterligaen.

Fernando Torres

SCORING og UTVISNING: Fernando Torres scoret og ble utvist i løpet av åtte minutt i oppgjeret mot Barcelona.

Foto: JOSEP LAGO / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Fernando Torres kom i fokus på fleire måtar i den første kvartfinalen mot Barcelona i Meisterligaen.

Først klinka han inn 1-0 til Atletico Madrid på godt gammalt vis 25 minutt ut i oppgjeret på Camp Nou.

Bratseth: – Må vere meir smart

Men like etter var han desto meir klønete då han takla Neymar og pådrog seg gult kort.

Og berre seks minutt etter fekk han sitt andre gule etter nok ei klønete takling.

(Saka held fram under bildet)

Fernando Torres

Fernando Torres blir utvist etter sitt andre gule kort.

Foto: JOSEP LAGO / Afp

Spissen prøvde å stjele ballen fra Busquets, men enda i staden opp med å felle den spanske landslagspelaren.

Dommer Felix Brych viste ingen nåde og trakk opp det raude kortet, mens Atletico-trenar Diego Simeone raste ute ved sidelinja.

– Eg synes vi spelte ein god kamp fram til utvisninga. Men å spele med ti mann på Camp Nou er nesten umogleg, seier Atletico-spelar, Antoine Griezmann

Då var det berre gått 35 minutt av den første kvartfinalen i Meisterligaen.

Men Viasat-ekspert Rune Bratseth gav verken Torres eller Simone noko form for sympati.

– Du må vere litt meir smart enn som så. Det er ikke dommaren si oppgåve å huske på at Torres har gult kort frå før. Dette er dumskap av han som kunne blitt den store helten, sa Bratseth i studio og meinte begge korta var korrekte.

Barcelona starta et massivt press mot Atletico-buret etter utvisninga. Dei regjerande meistrane hadde fleire store sjansar utover i andre omgang.

(Saka held fram under bildet)

Suarez

Luiz Suarez snudde kampen for Barcelona. Her jublar han med Neymar etter 2-1-målet.

Foto: Albert Gea / Reuters

Suarez-dobbel

Og til slutt styrte Luiz Suarez inn utlikninga etter ein volley frå Neymar. Det var den tidlegare Liverpool-spissens sjuande mål på åtte kampar i årets turnering.

Og Suarez gav seg ikkje med det. Ti minutt etter var kampen snudd med uruguayanaren fortsatt i hovudrolla.

Dani Alves stod bak innlegget, og med ei knallhard heading sendte Suarez ballen bak ein sjanselaus Oblak i Atletico-buret.

Barcelona heldt fram med å ha full kontroll på kampen med ein mann meir på bana. Med 2-1 har Barcelona eit brukbart utgangspunkt før returoppgjeret i Madrid onsdag i neste veke.

– Vi er veldig fornøgd med at vi klarte å snu kampen, men det blir tøft på bortebane, seier Barcelona-veteranen Andrés Iniesta til Viasat etter kampen.

– Returkampen blir heilt annleis. Vi må vinne, og det trur eg at vi kan klare, seier Atletico-spelar Antoine Griezmann.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.