NRK Meny
Normal

Tomaszewski - mannen som stoppa England

Jan Tomaszewski. Namnet vekkjer marerittliknande tilstandar i England før den avgjerande kampen mot Polen i kveld. Det er nesten på dagen 40 år sidan han drog ned rullegardina for engelsk landslagsfotball.

Jan Tomaszewski

Jan Tomaszewski med ein av sine mange redningar den oktoberkvelden på Wembley

Foto: Keystone / Getty Images

– Eg var ikkje berre redd England – eg var vitskremd, seier Tomaszewski til BBC når han ser tilbake på denne kampen.

Men han gjorde jobben sin og skreiv seg inn i fotballhistoria. For kampen som sette sjølvaste England utanfor VM, vart også eit historisk vass-skilje for engelsk fotball.

Det er slikt ein blir legendrarisk av.

For brått var det ikkje lenger sjølvsagt at fotballens heimland hadde ein plass i VM.

Jan Tomaszewski skulle nemleg stå i mål og stanse skota frå dei engelske storstjernene, som på den tid hadde namn som Allan Clarke, Martin Peters, Martin Chivers, Norman Hunter og Emlyn Hughes.

I morgon kan Polen øydelegge for England igjen, 40 år etterpå.

Same scene – same setting

Scena og settingen er den same no som den gongen: Arenaen er Wembley, England skal møte Polen i VM-kvalifisering, og berre siger er godt nok for engelskmennene.

Skilnaden er at då spela Polen for sin eigen VM-plass. No er det Ukraina dei kan hjelpe.

 NORMAN HUNTER

Norman Hunter luska knust av Wembley. Det var han som rota vekk ballen då Polen scora det avgjerande målet

Foto: Hulton Archive / Getty Images

17. oktober 1973 – på to dagar nær er det 40 år sidan. England låg eitt poeng bak Polen. Den siste kampen i gruppa gjekk på Wembley denne sure oktober-onsdagen.

Polen hadde vunne 2–0 heime i juni, men det var ikkje mange på balløya som såg noko faresignal i det. For denne gongen skulle dei møtest på Wembley framfor 100.000 engelske tilskodarar. Nemleg.

Det kunne ikkje gå gale.

"Sirkusklovnar"

"Sirkusklovnar i hanskar" kalla Brian Clough dei polske spelarane då dei sprang ut på bana. Clough hadde nettopp slutta som Derby-manager og var tv-kommentator.

England var storfavoritt. Dei hadde delteke i alle VM etter krigen, dei var verdsmeistrar i sju år tidlegare og hadde imponert i Mexico-VM i 1970. I VM var dei nærmast som fast møblement å rekne.

VM utan England? Utenkjeleg. Dette skulle vere "piece of cake".

– Hugs at dette var i ei tid då alle rekna det som sjølvsagt at England var med i VM. Sjølv om vi hadde tapt i Polen og låg bak dei på tabellen, var noko anna enn engelsk VM-plass eit ikkje-alternativ, seier Barry Davies, som kommenterte kampen for BBC.

Kampen arta seg som venta – på mange måtar endå betre enn heimepublikum hadde trudd. Det var einvegskøyring frå første til siste minutt, og sjansane var mange og enorme.

– Det er i ein slik kamp de har sjansen til å kome i historiebøkene for, sa trenar Kazimierz Gorski i det han sende spelarane ut. Han visste kva dei gjekk til.

36–2 i skot

Skotstatistikken viste 36–2 til England, engelskmennene hadde 26 hjørnespark mot Polens to, to gonger small ballen i stengene, og fire gonger redda polakkane på streken.

Men ein ting mangla: Mål.

Alt etter to minutt måtte Tomaszewski ut i ei superredning, og samanstøyten med Allan Clarke kosta polakken brot i eit par bein i foten.

– Det var godt han (Clarke) gjorde det, for då vakna du iallfall, sa lagkamerat Adam Musial etterpå.

Deretter var Tomaszewski overalt. Han la igjen ein arm eller ein fot der ballen kom. Når han ein sjeldan gong var utspela, tok stengene eller ein lagkamerat over. Det var ufatteleg nok mållaust ved pause.

Hunters avgjerande tabbe

Og 13 minutt ut i andre omgang fekk det engelske publikum på tribunane og framfor tv-skjermen verkeleg sjokk:

Norman Hunter rota bort ballen ute ved sidelinja og Polen var lynraske med kontringa. Robert Gadocha sette fart på kanten, la inn til Jan Domarski som med farten til eit lyntog og krafta til eit godstog smelte ballen forbi Emlyn Hughes utstrekte fot og under Peter Shiltons kropp. 1–0 – til Polen!

– Det verste augneblinken i min karriere, sa Norman Hunter. Leeds-kjempa var knust.

– Som om han leika med ungar

 Jan Tomaszewski

Slik ser han ut i dag. Jan Tomaszewski er 65 år og politikar heime i Polen

Foto: Czarek Sokolowski / Ap

Åtte minutt etterpå: Martin Peters var på eitt av sine mange løp inn i feltet og fall i kamp med Adam Musial. – Straffe, sa den belgiske dommaren.

– Det var ingen straffe. Eg la meg. Vi var desperate, vedgjekk Peters etterpå.

Allan Clarke tok straffa. – Han tok den like roleg som om han leika med ungar, sa Tomaszewski, som for ein gongs skuld måtte kapitulere. Det var 1–1.

Men det var ikkje nok. England måtte ha eit mål til.

Ti minutt før slutt: Clarke får stjernetreff og er så sikker på scoring at han tek til å juble. Men nei.

– Eg såg ingenting. Eg redda i blinde, sa Tomaszewski. England måtte nøye seg med hjørnespark.

Ti lange minutt til. England prøvde og prøvde, og Polen fekk større og større rom til å kontre i – det var ved eit par høve nær 2–1 for gjestene.

Kevin Hectors heading i tverrliggjaren i kampens siste tilleggsminutt var det siste som skjedde. Polen hadde klart det. 1–1 sende England ut i ein heilt uverkeleg og tom tilstand.

Sir Alf måtte gå

Engelskmennene gjekk gråtande av bana. Og Alf Ramsey måtte gå av som landslagssjef. Han som blei genierklært og vart Sir etter gullet på same bane i 1966.

Dei polske spelarane gjekk på byen for å ta seg ein heidundrande fest. Bortsett frå ein: Jan Tomasewski.

– Eg hadde frykteleg vondt i foten og måtte bli på hotellet for å få behandling, sa Tomaszewski, som måtte vente til neste morgon med å nyte triumfen.

"Mannen som stoppa England"

– Det kjendest godt å vere på alle førstesidene. "Mannen som stoppa England" kalla dei meg. Men det var ikkje berre eg – det var Gorski (trenaren) og alle 11 han sende utpå som var heltane, sa keeperen.

Han har ikkje hatt nervar til å sjå kampen ein einaste gong i ettertid.

– Men har du ein slik kamp, er den i hjartet ditt alltid. Eg kan vakne midt på natta og hugse alt, seier Tomaszewski.

I dag er han 65 år og politikar heime i Polen.

For Polen var dette berre starten. I VM i Vest-Tyskland sommaren etterpå tok dei bronse etter sigrar over både Argentina og Italia i gruppespelet, og sjølvaste Brasil i bronsefinalen.

Fotballnyheter